Siste nytt
- Kva med ein skeisedag på Fosstemmen?
- Ta deg ein liten VINTERTUR
- Julehelsing frå Bygdarådet
- Hurtigbåten: vere eller ikkje vere ??
- Dugnad for nytt kjøkken
- Juletretenning
- "Ekstrem oppussing" i gymbygget
- Strikkekveld Torsdag 5 november
- Plask i Skiftuvika for "Et hav av muligheter"
- Hopp i havet! TV-aksjonen 2020
Kva med ein skeisedag på Fosstemmen?
Det er is og fine forhold på Fosstemmen for tida. Mange har allerede funne skeisene fram ! Ta turen ut i naturen ! Laurdag på dagtid er det fyr i bålpannene, så du kan jo ta med eigen grillmat eller anna bålmat/drikke - og ordne for deg og dine. Ta gjerne me skeiser, så kan det bli ein piruett og to.....og kanskje møter du ein sambygding òg på glattisen ? ....og kanskje det blir kamp om rundetidene? Det meldes nedbør til kvelden, så det kan bli siste sjanse i denne omgang for skeiseforhold !
Ta deg ein liten VINTERTUR
Kulturkontoret har laga til ny turkonkurranse; den såkalla "Vinterturen 2020-21". Opplegget er litt liknande Kodejakt, men er småturar i låglandet. Eitt av 10 turmål er på Jøsneset, nærare bestemt Sjiddknatten på Nesvikheia. Det er undervegs langs løypa hengt opp litt "ord for dagen" og på sjølve turmålet finn du spørsmåla som skal svarast ut. Det er sendt ut brosjyre i postkassane med kart, turmål og reglar. Men, desverre, desse brosjyrane har enda ikkje nådd bygdene på nordsida av fjorden. Difor kjem den her: brosjyren "Vintertur 2020-21"
Hurtigbåten: vere eller ikkje vere ??
Jøsneset Bygdaråd har engasjert seg i sak om endra ruter for hurtigbåten. Forslaget som fylkestinget skal behandle på tysdag legg opp til at hurtigbåten til Hjelmeland og store deler av indre Ryfylke vil forsvinne. Det er etablert ei facebookgruppe «Hurtigbåten i Indre Ryfylke’s venner» og aksjonsgruppa har skrevet brev som har gått til fylkespolitikarane, Stavanger Aftenblad, Haugesunds Avis og andre lokalaviser. Her finn du LESARINNLEGGET
Saka skal opp i fylkestinget den 08.12.20, for å lese saka kan de gå inn i møteportalen – sak 0128/20: https://einnsynrfk.public.cloudservices.no/motekalender/motedag/100122.
Kartet ovanfor viser hurtigbåtstrukturen hvis det blir slik som notatet til Kolumbus la opp til og fylkesrådmannen tilrådde: (frå notat til Kolumbus, s 8 i vedlegg 3 i saka)
Alle som er opptekne av hurtigbåttilbodet kan engasjere seg via denne vennegruppa på Facebook som er felles for mange bygder i indre Ryfylke.
Det er òg oppretta ei underskriftskampanje La hurtigbåten leve
Dugnad for nytt kjøkken
Du har kan hende lagd merke til at det lyser frå "lærarrommet" om kveldane? Der foregår det litt av kvart no for tida!
Juletretenning
Jøsneset Bygdaråd melder: "I år blir det dessverre ikke arrangert den tradisjonelle juletretenningen med fakkeltog og grøt som vi har hatt på Jøsneset. Det vil allikevel bli satt opp tre og lysene tennes søndag 29. november kl. 18.00. De som har lyst kan komme og se når treet tennes, men det er viktig å holde god avstand og forholde seg til gjeldende koronaregler".
Ha ei god førjulstid !
"Ekstrem oppussing" i gymbygget
Gymbygget på Jøsneset skule er under kraftig oppussing for tida. Vestibylen har fått ei fargerik oppgradering, og kjøkkenet og lærarrommet er ikkje til å kjenna igjen!