1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower



Så var dei tilbake igjen, den lokale revygjengen Lise Tjeltveit, Lene Hjorteland, Maria Brandal og Sven Westersjø - og med seg i år år hadde dei to nye (hemmeleghaldne) lokale stjerneskot: Solveig Bog Bouzane og Frode Tjeltveit. Saman snekra dei sju  til påskerevyen "Fugladansen" - med ablegøyer på scenen og på videofilm - og trakk "to fulle hus", dvs ca 160 stk fekk med seg dette på Påskeafta på Jøsneset. Her er det verdensberømte (!) koret KorNøye tilbake på scenen med ein av sine slagerar Månemannen!

 


En herre i sort og hvitt - ein ekta Fossdalsbu, Sven drog showet i gong.

 


Her lever dei seg inn i barnehagerollar......lurer på kven som skal hente oss i dag?


...men livet raser forbi i ein voldsom fart, og plutselig er det rullatoren som er det vesentlege i livet.....litt kommunikasjonssvikt mellom desse to...


....men SENIL ?? NEi, bank i bordet, ikkje her !!!

 



Eit flott innspel midtveis i forestillinga: ein hyllest til Jøsnes-karen!! Damene sang om Jøsneskaren medan foto etter foto blei vist av alle menn i bygda; unge og gamle.  Her kun eit lite utdrag av bildekavalkaden.

 

Uuuuppss...der var visst Barrack også...og ny førstedame ?! 

 


Det verdensberømte KorNøye gjorde come-back og framførte den store slagerar Månemannen!! Etterpå var det ein av dei sjeldne pressekonferansane; og den nye journalisten i Jøsnesposten (Frode) gjorde sin entrè med intrikate spørsmål om kjendisane sitt liv ....litt kommuniaksjonssvikt her òg.....journalisten sleit litt med engelsken, men han var god på "østlandsk" og me forventar ein fyldig pressereportasje i Jøsnesposten når den kjem ut i mai !!!

 

Eit gledeleg gjensyn med Ullhild frå Udladalen (Lise). Hu måtte ta turen på sykkel udøve fjorden gjønå dei is-svulne tunnellane eins ærend for å fortelja om kulturtilbudet i Udladalen: 1) søltekurs (tydebær og blåbær) 2) spødkurs og 3 ) basar i August !!! Merk tidspunktet !!

 


Apropos basar: Unnhild fekk hjelp av vår heilt lokale basar-riste-spesialist Kornelius (meisterleg tolka av Solveig):
han rista og rista og gevinstar blir delt ut i salen !! Ja, så blei det påskebasar igjenSmile

 



Her blir forundringsgevinsten trekt......kim har gul lapp nr einognitti mon ???



Dei avslutta som dei starta; med stilWink

 

Me takkar denne sprelske gjengen for gleda de gir oss  - veldig gøy med lokal underhaldning.  Og folk ser ut til setje pris på konseptet; både små barn, større barn, ungdom, vaksne, godt vaksne og nokså gamle , samt fastbuande, hyttefolk og gjester møtte opp i gymsalen for å få med seg dette denne kvelden.

Etter siste forestilling blei salen rydda og det blei dekka bord. Hundre "mann" blei servert varm gryterett, brød og kaffe, og deretter kjørte "vår eigen" Josè i gang bak pianoet. Josè er nr 1. til å spele god musikk og skape stemning - og dansing blei det på parketten til langt på natt !!

Veldig bra folkens !! Me kjem igjen neste år !!!

......håpar denne gjengen òg gjer det Wink

 

FaceBook
Facebook