1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Året 2019 ebbar ut, og det er tida for å bytte ut turbøkene i dei 10 turpostkassane rundt om på Jøsneset.  Har du lyst å ta deg ein tur, og bytte ut ei av bøkene?  Meld frå til Svanhild H. Gbada 97 00 76 36, så får du ny bok. 

Det er ein del frivillige tursti-fadrar som passar på løypemerkinga på Jøsneset, men det MÅ ikkje vere dei som òg byttar ut bøkene. Alle som vil kan bli med på det - det er berre å melde seg.

Turane ut nå kan òg vere ein fin anledning til å sjekke løypene, og anten ordne ev feil/mangler, eller melde frå  anten til Svanhild eller til tursti-fadderen.

Her er liste over "tursti-fadrane". Lista er ikkje korrigert 2019. Dersom nokon ønskjer bytte eller noko er feil, kontakt Svanhild på 97007636

Det er JØSNESET HELSELAG som er ansvarleg for turpostkassane, og det er trekning frå alle 10 postane kvart år.

I 2019 fekk Helselaget tre nye kassar av Hjelmeland Sparebank. Den eine er montert på Høgafjell. Dei to andre skal opp til Røssenibben og Valafjell.

Tursti-koordinator for Helselaget er Svanhild H. Gbada - 97 00 76 36,

FaceBook
Facebook