1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Frå Kåre Nesvik har me fått desse bildene og denne meldinga: " Eg tar meg ein strandtur og rydder litt av og til. Gir mange bonusar: god mosjon ! balansetrening ! bøy og tøy ! frisk luft ! og ikkje minst godt for miljøet !  Kanskje andre òg kan ta ein tur av og til? Fint å ta det på jabnå.  Det er nok å ta av, spesielt etter stormane! "

Flott idè frå Kåre, så herved er tipset vidareformidla !  Og samstundes  så opplyser Hold Norge Rent at på at pga koronasituasjonen så er alle FELLES organiserte strandryddingdugnader for våren avlyst, og utsatt til hausten.   Men det er fint om folk går kvar for seg, og her er eit par råd ......

Frå Ryfylke Friluftsråd: Dei registrerer at interessen for strandrydding har økt. Samtidig har dei begrensa mannskap i drift nå under korona-situasjonen.  Dei kan kanskje likevel hente oppsamla avfall der arbeidsbåten har tilgang.  Ryfylke Friluftsråd kan òg hente store ting frå strendene. Her treng de nøyaktige koordinater og bilde med markert plasssering på kart + info om kva som skal hentast.   Dersom det blir store mengder afall, er det bra viss det kan samlast i store depot.

Frå RYMI: dei har ikkje kapastitet og mulighet til å hente felles oppsamla avfall nå. Dersom folk plukker privat kvar for seg må avfallet lagrast på ein trygg stad inntil vidare. Dei må sjå situasjonen an ift utvikling av korona.

Men ta gjerne ryddinga  litt pø-om-pø, slik Kåre foreslår, så blir det lite opphoping og overkommeleg å bli kvitt  Følg elles "koronaråda frå Hold Norge Rent" . 

 

 

 

FaceBook
Facebook