1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

BLI MED PÅ EI NYTTIG OG SOSIAL AKSJON – ME RYDDAR AVFALL LANGS STRENDENE VÅRE !!

Hjelmeland kommune har satt av pengar frå Havbruksfondet som skal gå til frivillige lag som bidrar med å rydde avfall langs kystsona vår. Jøsneset Bygdaråd har meldt inn ansvar for utvalde strandsonestrekningar på Jøsneset ,jf kart under. I tillegg til betaling pr registrert dugnadstime vil òg ein innlevert sekk avfall gi eitt lodd i KYSTLOTTERIET. Kystlotteriet er ein del av ein nasjonal aksjon Hold Norge Rent , og blir administrert i eit samarbeid mellom Naturvernforbundet og norske kommunar.  Jo fleire innsamla avfallsekkar, jo fleire vinnarsjansar !

Men det viktigaste av alt : du blir kjent i bygda di og gir eit godt bidrag til å halde desse nydelege strendene enda finare!

Me startar i nord – Ørevika nord for Øygarden i Knutsvik, og tar for oss opne strandstrekningar sørover. Første kveld : Mandag 2.september – oppmøte kl 17.00 v/Branngarasjen. Me organiserer kjøring derfra. Kan òg møte opp med båt i Ørevika ca 17.15.

FaceBook


Innleveringa skjer fredag 13. seotember kl 17.00 - 18.00 ved Skiftun Brannstasjon


Inger Apeland frå Suldal er igjen initiativtakar, og ho skriv:

" Me tar imot: ungdomsklær , herreklær, dameklær, barneklær, sportsklær, varme klær, sko, joggesko, vintersko, kjøkkenutstyr, gryter, sengklær, ulltepper, leker, soveposer, sykler, barnevogner osv

Alt må vere reint og i orden og pakka i tjukke plastsekker. Knuselege ting i robuste pappesker f.eks bananensker.

Vil tar kr 50.00 pr sekk/eske i fraktpenger. Overskuddet går til ID-kort. Ev spørsmål - Ring Morten Brekke 91849442 eller Inger Apeland 95105424"

ROMANIA AID er en hjelpeorganisasjon som har som hovedmål å gi hjelp og støtte til de som trenger det mest i Romania. Romania Aid ble stiftet 1.August 2010 . Les meir om Romania Aid sitt arbeid på Facebook

 

FaceBook

Nå har kanoane i Fosstemmen fått namn: "Kalven" og "Kvigå" - inspirert av gapahuken som heiter "Kalvagaren". Det har vore namnekonkurranse på desse to kanoane - og vinnaren som foreslo desse koselege namna var CESILIE WÅLAND

FaceBook

12. sept 17.00 - 18.00 v/ Branngarasjen Jøsneset

Inger Apeland frå Suldal skriv: Me treng klede, sko, ulltepper, sengtøy, gardiner, kjøkkenutstyr, gryter, garn og stoff, strikke-og sysaker, leiker - ja, alt mulig !  Pakk godt i doble sekker eller gode øskjer. Ikkje for tunge kolli. Fraktpengar kr 40 pr stk.
STOR TAKK TIL ALLE - Inge Apeland - 95 10 54 24 eller 52 79 94 14 

FaceBook
FaceBook

Me vidareformidlar gledeleg melding frå Frukt-og Laks-"generalen" Kolbjørn Pedersen:
"Det blir gratis båtskyss over fjorden i år også, rett etter dansen på lørdagskvelden den 8.september - klokken 0100 natt til søndag Smile

FaceBook

FaceBook

Vi har fått inn eit spanande tips frå "hobby-slektsgranskar" Haldis K. Nilsen om at "Noregs ukjente astronaut" Sally Ride som døde i sommar har slekt på Jøsneset !! Surprised Ho var amerika´s første kvinnelige astronaut som vart sendt i rommet.

Så nå kan ei rekke Jøsnesfolk rette ryggen og smykke seg med å ha ei berømt slektning frå USAWink

Bilete frå hennar astronaut-dagar:

FaceBook

Kolumbus opprettar skulerute frå Nesvik kvar måndag kl 06.35. Les meir HER

FaceBook

Husk Romania-innsamlinga - fredag 7.sept mellom kl 17.00 og 18.00 Jøsneset Brannstasjon
FaceBook

Sommaren er såkalt agurk-tid, og det står "litt stille" òg her på vår nettside. Og det er slettes ikkje lett for oss få, frivillige i redaksjonen å følgje med på kva som skjer på Jøsneset....eller OM det skjer noko i det heile tatt. Difor, kjære lesar: TIPS OSS. Send oss di sommarhistorie, eit lite foto eller anna. Kanskje du har fått fin fiskefangst? Har du funne mykje blåbær og sopp? Har du hatt eit kjekt besøk? Sommarens beste bad? Gode grilltips? Nytt på sneglefronten? Gode turtips? eller avslappingstriks? .....Ja, temaene kan vere uendelege. Poenget er : TIPS OSS !!  På den måten får me ei enda meir levande og variert nettsideSmile.
Send tips og foto til ungdomslaget@josneset , Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

FaceBook


Veit du namnet på denne tjødnå?

I likhet med Runda Tjødnå (sjå artikkel lengre nede) ligg òg denne vesle tjødnå på Herefjellet; like aust for NordaHøgaste.

FaceBook


Hjelmeland Turlag inviterar til Kanotur på Breilandsvatnet søndag 19.august.
Kjempefin familietur. Les plakaten HER.

FaceBook


Denne sommaren gjeld det om å nytte dei glimta av godvær me får, og heldigvis har me fantastisk turterreng like utanfor stovedøra, så du kan raskt kome deg til fjells. Helgas turtips er RundaTjødnå på HEREFJELLET. Der er dei gule nøkkerosene akkurat nå i ferd med å blomstre, og her er ein fantastisk utsikt !!

 

FaceBook

Denne veka kom cøliaki-nytt i posten til medlemmene av Norsk Cøliakiforening. Her var det eit innlegg frå Jorunn Foss som var kome med, med skryt til årets 17. mai komité på JøsnesetSmile

Innlegget kan du lese her.

FaceBook



Solveig Bog Bouzane har sendt inn nokre koselege sommarbilder: mellom anna denne flotte solnedgangen frå Lønnehaugen. Ingen tvil om at familien Bouzane har flott utsikt !!!

FaceBook

Mandag 22.august starta Jøsneset skule opp att etter sommarferien, men i år var det utan førsteklassingar både her og i Jøsenfjorden. I desse to bygdene er det rett og slett ikkje barn dette alderstrinnet. Og når 6 av fjorårets elevar i dag dro avgarde til Ungdomsskulen, blir elevtallet på Jøsneset mindre enn i fjor. I år blir det 19 elevar på Jøsneset skule. Dei skal samarbeide med Jøsenfjorden skule, der det nå er berre 5 elevar.  Dei kjem ut til Jøsneset skule to dagar i veka.

Elles fortel rektor Rasin at òg på Jøsneset skule starta skuleåret med å markere terrorhendingae i Oslo/Utøya. Dei tende lys og hadde med rose, og snakka om hendinga og om kvifor akkurat rose og lys blei brukt.   Dei som har lyst å følgje med på Jøsneset skule undervegs utover hausten kan gjerne gå inn på skulen si heimeside.

FaceBook

ME MINNER OM INNSAMLING AV KLÆR TIL ROMANIA.
LASTEBILEN KJEM FREDAG 16. SEPTEMBER kl 17 - 18.00 v/ JØSNESET BRANNSTASJON.

FaceBook

Endelig dryppa det inn nokre koselege sommarbilder.  Ingunn Nesvik var på sommarferie i Solbakken ei heil veke i sommar, og knipsa med kameraet.
Her er det nevø Fridrik som er ute på fisketur på Ombofjorden i Besten sin båt. Fekk de fisk mon?

FaceBook


Den gledelege overskrifta og foto av vinnaren er henta frå dagens STRANDBUEN.
Mikal Viga på MIKALS LAKS (nr 2 frå høgre) håva inn ny 1.premie i Norgesmeisterskapet på AquaNor-messa i Trondheim.  Den vesle Jøsneslokaliserte verksemda, driven av ekteparet Mikal og Astid Fossaa Viga, og som produserer deilig røykelaks, får altså igjen gjev premie for sitt produkt. 
ME GRATULERAR og er stolte av at verksemda har postadresse 4146 SKIFTUN.
Les meir om konkurransen i STRANDBUEN

Les meir om verksemda og produkta på nettsida til MIKAL LAKS

FaceBook

Det nærmar seg kommune- og fylkestingsvalet 12. september. Lurer du på korleis du kan førehandsstemma, kva ein slengar er eller korleis du gir personstemmer? Du kan lesa meir om det her

 

FaceBook


Joda.....når Fossdalsbuen skal på ferie så søkjer dei tydlegvis ut i det våte element blandt holmar og skjær. Og der dumpar dei tilfeldigvis oppi tidsskriftet "BÅTLIV" som er ute på sommarreportasjetur. Og sjølvsagt: Fossdalsbuen slår til, og hiv seg ut i havet på vannski etter ......ja.... ein amfibiebåt; som altså er ein båt som kan gå både til vanns og til lands.....for Fossdalsbuen føltes kanskje det mest heimlegWink. Frå spøk til alvor: her er det Ingeborg Westersjø som svingar seg elegant etter amfibiebåten Sealegs 7.1. Sjå heile reportasjen + videoen frå vannskituren HER I "BÅTLIV". Sprekt, ikkje sant?

FaceBook






Grå-gjessene er observert i plogformasjon på himmelen på veg sørover, bukkejakta er godt i gong og kantarellen og andre soppar struttar i skogane våre nå.
Joda, sommaren går går definitivt mot haust. MEN: me har ikkje mottatt eit einaste sommarbilde frå Jøsneset i årSurprised.  Er det så at 2011-sommaren har gått oss "hus forbi"?? Me er sikre på at det finst mange fine, gode sommar-foto-minne frå Jøsnessommaren der ute. Send oss ditt til: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

 

FaceBook

Strandbuen har i si papirutgåve den 10.08.11 lista opp folketalsutviklinga i Forsand, Strand og

Hjelmeland dei siste ti åra. For Jøsneset sin del har det gått litt ned i løpet av 10 år.

Det var ein topp på heile 170 innbyggjarar i 2006, men er no nede i 146.

Tala slik dei sto i Strandbuen for Jøsneset sin del, såg slik ut:

2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 Endring Endring i %
Jøsneset 151 152 156 153 165 170 162 159 151 140 146 -5 -3,31

Tala er henta frå Statistisk sentralbyrå, skriv Strandbuen.

Kva skal vi seie, er målet å være 200 innbyggjarar om 10 år??

Vi håper på at fleire vil flytte til den flotte bygda vår iallefallLaughing

FaceBook



Reinrasa Dverg- Veddere til salgs !
Har to dvergveddere som er født 03.06 2011.
Den brune er hann og den gråe er hunn.
Pris 200 kr per kanin.
Kan komme og se dei viss dokk vil.
Tlf. 98060223 Johan Fosså.

FaceBook


På Jøsneset er det mange fine turstiar, og mange av desse finn du samla i turstifoldaren vår HER. Men av og til kan det vere artig å ta andre turar, som hit til Hyestaden på Skiftufjellet, der det ila sommaren òg har kome fin benk med tilhøyrande bordKiss.

 

FaceBook



Det blei laga eit hjarteleg blomsterminne på Skiftunkrossen for alle berørte i Oslo og Utøya.
Fleire dagar etter at dei første blomane blei lagt ned på ei stille markering, kom òg fleire folk å la ned blomar, lys, helsingar og flagg.
Minnestaden var forma som eit hjarta, og hjarta fylde seg opp. Symbolsk og fint.
Men tida går sin nådelause gong, og minnelysa er nå fjerna, og blomane er visna ned. 
Takk for initiativ til markeringa og takk til alle som fylde hjarta med blomarSmile.

FaceBook

Ellen Mari har tipsa om at Håvehammar har pr 30.07.11 hatt 700 besøkande (barne- og vaksenboka tilsaman)! Dette er svært braLaughing

På same tid har Tausanibbå på Herefjellet hatt 60 besøk, og Norda Høgaste på Herefjellet har 50. Vi kan legge ut status på fleire turpostar her, så berre send melding med kor mange besøk til Jorunn på tlf 99638803.

Det er viktig at dei som nyttar turstiane no i beitetida, er obs på å lukke att grindar etter seg. Hugs at det kan gå dyr ute, så der grinda er att når du går gjennom, skal ho lukkast etter deg og.

FaceBook

Rundt om i Ryfylke finn du mange gode kulturtilbod nå utover hausten. Sjekk Kulturhaust Ryfylke sitt program for alle kommunane i Ryfylke.

I Hjelmeland brakar det laust allereie til helga. Då blir det Frukt-og laksefest.

FaceBook

Jøsneset helselag minnar om årets toppturkonkurranse, hausten kan vere ei flott tid for fjelltur! De som allereie har vore med på Hardhausen får sjølvsagt godkjent dei toppane du var på då, i denne konkurransen og! Her er reglane:

TOPPTURKONKURRANSE 2010

Det blir toppturkonkurranse også i 2010! Dette til tross for at berre 7 turbøker vart levert inn i 2009. Dette meiner vi er alt for lite, og vi trur mange fleire hadde planar om å vere med på toppturkonkurransen som går i løpet av året! Dess fleire som går, dess finare vert og premien..  Skal du vere med så kjøper du ei turdagbok du noterar turane dine i, fås kjøpt på Naustet for 50 kr og leverer den inn til styret innan 01.12.2010. For å vere med i trekninga av årets toppturvinnar, skal du i løpet av 2010 vere innom desse toppane: Gunlanuten, Røssenibben, Valafjellet og Norda Høgaste. Trekning blir ca mars 2011, på årsmøtet til Jøsneset helselag. Løypene er merka med skilt og raud måling. Det er postkasse og turbok på toppane som du skriv namnet ditt i. Dersom du treng turkart, får du kjøpt det av helselaget for kr 30,-.

Arr. Jøsneset helselag, kontaktperson Ingeborg Westersjø mobil: 92850297.

FaceBook

Tunnelarbeidet på RV 13 i Erfjord (like utanfor Hålandsosen) pågår for fullt.

Dette skaper tidvis stengt veg. Suldal kommune informerer på si heimeside, sjå HER.

At Statens Vegvesen ikkje har informasjon om dette på si Trafikkinformasjonsside, er jo litt snodig, men kanskje det kjem ?

FaceBook

Både Strandbuen og Suldalsposten har siste veka hatt artiklar om lokale bygdesider på nett - og Jøsnes-siå har vore tatt fram som døme i begge avisene.

FaceBook

 

Flott at fire stykk har sendt inn gode stemningsbilder! Men me mottar gjerne fleire !

FaceBook



Lise Tjeltveit sitt herlige øyeblikks-bilde gjekk til topps i vår lokale fotokonkurrase i fjor.......og jammen gjekk det til topps igjen!!! I Sandnesavisen sin fotokonkurranse, sjå HER. Årets seier brakte inn ein gjev premie: eit speilreflekskamera til 6000!! Bravo og GRATLA til Lise !! ......ja, det var jo berre eit nydleg blinkskudd:-) så dette var fortjent !!

FaceBook

 

  Laurdag 3.sept arrangerer FRUKT-OG LAKSEFESTEN bryggedans i Hjelmelandsvågen. "Vår eigen" Josè spelar i eitt av tre musikktelt først på kvelden, og til slutt spelar TRE BUSSERULLS til dans.
Og me har fått følgjande glad-melding frå festivalleiar Kolbjørn Pedersen:

FaceBook

Lørdag 14 august blei ein superdag i Skiftustranda : Ungdomslaget sin aktivitetsdag blei avvikla i sommarens beste sommarvær og masse kjekke aktivitetar, mat, prat, bading og kos!

FaceBook

VINNAR AV FOTOKONKURRANSEN "MIN JØSNESSOMMAR 2010":

Sigurd Opedal med bildet av Rick Andrè i fritt svev ut frå stupebrettet i Knutsvik.



Blå himmel og blått hav var ikkje det me såg mest av i sommar. Men dette bildet fanga opp sommardrømmen på ein flott og aktiv måte, og var det bildet som fekk flest stemmer av juryen (som var styret i Ungdomslaget). Vinnaren får ei fin forstørring av bildet i lerret.

FaceBook

For eit par veker stod det ein orntlig lita gladmelding på trykk i Rogaland Avis.

FaceBook

Me har fått melding om at det låg att ein del fine ting etter volleyballturneringa. Kanskje noko DU saknar??

FaceBook

Sceneopningsfesten nærmar seg med stormskritt, og planlegginga pågår for fullt.

Me har fått følgjande pressemelding frå "ung-kvigene" i byen:

" Dei midlertidig utflytta kvigene har ikkje låge på latsia nå på seinsommaren. Uten å røpa for mykje kan me lova at det blir lått og løye, konkurranse og verdenspremiere på sceneåpninga.

Der er monge uoppdaga skattar på Jøsneset; du vil få møte både nye og gamle revystjerner. Kanskje du óg får møta framtidige Jøsnesbuar...?!

Vil DU sjå meir av dette, må du møte opp på Jøsneset skule 12. september 18.00!!

Kvigene "

.....Bravo Kviger, seie me då ! .....
.....Men ka med "studane" ?? Går de berre å spenne dei, eller ???

FaceBook

,,,,, ORNTLIG "HELAFTEN" PÅ JØSNESET.

Showet startar kl 18.00  . men held på til langt på natt
Offisiell opning av scenen + all slags underhaldning, talar, musikk, komikk, song, kåseri mm.
Orføraren kjem òg - kjem du ??

HEI ALLE JØSNESKALVAR
I ALDEREN 18-35 ÅR !!

VELKOMMEN TIL UFORMELT TREFF !
KissKiss

KVA TRUR DU
OM JØSNESET SI FRAMTID ?

Juryen for fotokonkurransen er:

- Dag Anton Boge, Bygdaposten
- Hans Einar Steinsland, Profil AS
- Anne Auglend, Jøsneset Ungdomslag.

For at juryen skal få litt meir å bryne seg på, så forlengar med innsendingsfristen til ut heile august.

Me er overtydde om at det er knipsa mange fleire kjekke bilder på Jøsneset i sommar enn alle dei flotte me har fått inn til nå.
Her må me skjerpa konkurransen: så bla gjennom samlinga di og send inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. !!!

Det blir premiering og visning av bildene på sceneopningsfesten den 12. september.

FaceBook

Flott nut-tur i Jøsnesheia søndag 09.08.09.

Idealtidene var: På Hardhausen 7 t og 24 min.
På 3-nuts turen 5 t og 41 min.
Sjå også resultatliste i menyen til høgre.

 vinnar av 3-nuts-tur
Vinnar av 3-nuts-tur Ove Solberg frå Fister!

FaceBook

Me minner igjen om Hardhausen og 3-nutsturen på sønd 09.08.
Er du nyskjerrig på kor løypa går, så finn du nå kart over løypetrasèen her.
Du kan anten skrive dette ut og ta med deg, eller du vil òg få utdelt kart ved påmelding.
Alle løypene er i tillegg skilta og merka opp med røde merker.

Meir info om arrangementet under KALENDER

FaceBook

Frank giftet seg med Ingvild 25 juli og Cecilie Wåland ønsker å gratulere. Det er Frank's søskenbarn Ruben som har fotografert dei.

frank og ingvild  Frank og Ingvild

FaceBook
Dersom det er interesse for det har helselaget lyst til å arrangere ein tur til Julebyen i Egersund lørdag 6 desember. Vi leiger då inn buss. Sjå www.julebyen.no Det er og ein keramikkverkstad vi kanskje kan besøke, www.egersund-terracotta.no , og det kunne vore koseleg å ete mat i lag der. Dersom ikkje interesse for dette nå, vurderer vi ein liknande tur til våren/sommaren att. Styret i helselaget (sjå under lag/organisasjonar på helselaget for å sjå kven som er i styret) må difor få tilbakemelding innan 30.9 om dette er av interesse.
FaceBook

Helselaget kjem til å ha bøsseinnsamling på Jøsneset i høve årets demensaksjon i løpet av helga 19-21.9.  

Årets tema – TRYGG MED DEMENS

Følelsen av trygghet er individuell, og varierer fra person til person. Mange opplever å miste fotfeste i tilværelsen når demens rammer, og hverdagen kan preges av bekymring, usikkerhet, angst og forvirring. Av og til kan enkle grep gjøre hverdagen tryggere og mer forutsigbar for personer med demenssykdom.  Riktig diagnose, åpenhet om sykdommen, tilrettelagt informasjon og tilpassede aktiviteter har stor betydning for følelsen av trygghet.

Demenslinjen 815 33 032

Les mer om demens på www.nasjonalforeningen.no

Datoane for strikkekveldane i haust er: 

25 september kl. 19.00 køyrer vi saman til Sand og besøker strikkebutikken der. Ragnild Roaldkvam åpnar ekstra for oss og vi satsar på ein koseleg kveld der, medan vi får med oss siste nytt innan strikkefronten. Vi fyller opp bilane våre i Skiftunkrossen og køyrer saman. OBS Merk tida! Vi køyrer kl. 19!

30 oktober kl. 20.00 Omvisning på Mikals laks. Astrid Viga vil vise oss fabrikken og vi tek kaffi og drøs hjå dei etter omvisninga. OBS! Hugs å møte opp på Mikal's laks denne gong.

27 november kl. 20.00 i Trivselståvå. Tema er advent, ein kan lage adventspynten sin her, vi drikk gløgg og et mandariner og pepparkaker. Vi håper på besøk frå blomsterhjørna med nokre tips til adventspynten.

Alle er velkomne til strikkekveldar anten du strikker eller ikkje. Dette skal vere uformelt drøs og ein kopp kaffi til!

Laurdag 6 sept er "solbygda Jøsneset" nok ein gong klar for eigen stand på Frukt og Laksefesten. images/bilder/lam1.jpg Vèr patriot - møt opp og støtt den frivillige gjengen som har stått på og stiller på stand for å marknadsføre bygda !!

images/bilder/sun.jpg   
På standen vil du finne litt av kvart om og frå Jøsneset:  

- ekta, himalagte torrfisk frå Skiftun
- solmodne tomater og knasande agurker frå Fosså
- nypressa Buhagen-eplesaft frå årets innhausting
- deilig honning frå summande Åslandsbier
- preparerte og flotte ku-og villsau-skinn frå Buhagen
- diverse spanande te frå Lønnehaugen
- nytt opplag av fine turstibrosjyrar
- sprege Jøsnes-t-skjorter frå Ungdomslaget (pr for www.josneset.no)
- sunne Salmopet-produkter for dine kjeledyr
- flotte knivar frå knivsmeden Daniel
- og ikkje minst SOLSIKKER
  ...som ikkje er produsert på Jøsneset, men som kan vere eit symbol på vår solrike bygd !

FaceBook

Fredag ettermiddag danna det seg lange køar og mykje ventande folk på både Hjelmeland og Nesvik ferjekai.  Dette skuldast tekniske problem med styringsmekanismen ombord i ferja "Hjelmeland". 

Ved ferjeavgangen kl 14.15 frå Hjelmeland blei ferja fylt opp med helgetrafikk, men det tok lang tid før den vart klar for avgang; nærare bestemt 1 time og 25 min. Ferja gjekk frå Hjelmeland 15.40 i staden for 14.15. Dette medførte opphoping av bilar på begge sider; og det tok si tid før rutetidene blei ajour att.

Hell i uhell; været var deilig ; og mange trakk ut på kaien og på dekk.  Ja, enkelte reisande tok det så fint at dei slo opp campingsstolar på dekk og koste seg med kaffe og fredagsavisa i ettermiddagssola. ......medan ein god del andre var kanskje meir stressa?!

FaceBook

Nå er grillsesongen og latmannslivet over; nå er det på an igjen med svetting rundt volleyballen.

SOSIAL TRENING: volleyball er ein kjekk og sosial idrett som alle kan bli med på.  images/JUL/volleys.jpg

Ola Skiftun og Sven Westersjø tek felles ansvar for opplegget utover hausten. Me byrjar forsiktig med litt grunntrening og teknikk, og så ballar det på seg (bokstaveleg taltSmile) etterkvart jo flinkare me blir.  Målet kan jo vere å gjere det betre på neste Ombofjordmesterskap (då me tapte både mot både Randøy og Ombo). 

Så vel møtt til til alle frå ungdomsskulealder og oppover !

Oppstart : kl 19.30 - 21-00  tirsdag 9.sept (obs obs endra tid/dato) Gymsalen, Jøsneset skule.

Sett av følgjande tysdagar utover hausten:
09.09, 16.09, deretter kvar 14.dag dvs: 30.09, 14.10. 28.10, 11.11, 25.11 og 09.12.

Tidsrom 19.30 - 21.00.


Arrangør: Jøsneset Ungdomslag.

Mix-kjeden har jamnlege, landsomfattande kampanjesalg-konkurransar, og dagleg leiar, Cesilie Waaland, melder Naustet av og til på dette. I vår var dei med på dette to gonger; mars og mai månad.  Det var då om å gjere å vere best av alle Mix-butikkar i å selge mest av månadens kampanjetilbod; som då var cola eine månaden og pølser den andre månaden. 

Og jammen slo Mixn Naustet på Nesvik til med seier begge gongane!!!  Og dermed vant dei to middelhavscruise-bilettar !!  Dei har nå hatt loddtrekning blandt dei tilsette om bilettane. Dei to heldige vinnarane reiser første helga i september til Adriaterhavet saman med innehavarane Cesilie Waaland og Jarle Langvik (som pent betalar bilettane sjølve).  

Cesilie seier slike konkurransar er ein positiv motivasjonsfaktor for dei tilsette - og dei vant fordi dei tilsette stod på for å auke salet. Så turen er ærleg fortent!

Me gratulerar Naustet, og ønskjer alle fire ..CoolCoolCoolCool...eit flott og avslappande cruise på luksusskipet MSC Opera !! 
images/JUL/Bilder/cruise.bmp

FaceBook

Hjelmeland Turlag er eit aktivt lokallag som arrangerer mange fine turar. Ingen av haustens turar er lagt til Jøsneset - men ingen grunn til å sitje heime for det. Her er eit fint utval av turar frå øy til høgfjell:

søn 24.08    Familietur til Breilandsvatnet, padling, 4-5 t,oppmøte kl 11.00 v/Vigane

søn 31.08    Fottur til Trollgarden/Kyrkjegardsheia, ca 7-8t, oppmøte, kl 09.30 v/Fundingsland

laur 13.09
    Sykkeltur til Storvassdammen, heile dagen ev overnatting, oppmøte tilpassa 09.45 ferja frå Hjelmeland via Ombo

søn 21.09
    Topptur til Randåsen, ca 3 t, oppmøte kl 11 v/ Randa tømmerplass.

Meir info om turane kan de få ved å vende dykk til Turlaget, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 

Mandag 18 august var flagget heist til topps på Jøsneset skule, og klasseromma var fint pynta til skulestart.

I år starta det 4 nye 1.klassingar: Vebjørn frå Fosså, Kristiane frå Foss, Celine frå Asheim og Stian frå Knutsvik. 

Me gratulerer dei med skulestart, og ønskjer lykke til ! 

Dei skal gå saman med 2. og 3.klasse , og tilsaman blir de 12 stk i småskulen.  I storskulen blir dei 8  stk i år.

Jøsneset skule har eiga heimeside , og her blir det lagt ut mykje kjekkt stoff frå skulen utover året.

FaceBook

I dag byrja 7 staute Jøsnes-guttar på Hjelmeland Ungdomsskule !  Me undrast på om ikkje dette er eit historisk stort kull frå Jøsneset ? - iallefall beståande av berre gutar ?  Me må vel mange år tilbake i tid for å finne tilsvarande mange?  Me utfordrar våre lesarar: veit de om eit tilsvarande stort kull frå bygda - så send oss eit tips ! Kva årskull har Jøsnes-rekorden?images/JUL/Bilder/ung1s.jpg

FaceBook

Det er ikkje berre i Beijing det kjempast hardt om heder og ære i desse dagar. På Ungdomslaget sin årlege Aktivitetsdag kjempa både små og store jøsneskalvar iherdig om "gullet".  Arrangementet fant stad i Skiftustranda i eit strålande augustvær.
images/JUL/Bilder/akt6s.jpg

 

FaceBook

Nesvik ferjekai er nå gjort om til anleggsplass. Mesta er på plass med ein stor brakkerigg og masse utstyr og store maskinar tek mykje av plassen på parkeringsplassen. Ferjelemmen skal skiftast ut m.a, og arbeida her er sett i gong.

Det er imidlertidt sendt ut lite og ingen informasjon om arbeidet. Folk i bygda har tatt kontakt både med Mesta, Tide og Vegvesenen, utan å få heilt klare og eintydige svar på framdrifta i arbeidet og konsekvensar for rutetidene. Verken på Mesta, Tide eller Vegvesenet sine nettsider er det lagt ut informasjon om prosjektet! Etter det me forstår skal arbeidet pågå i fleire veker. Og ferjeruta skal visstnok leggjast om via Jelsa seinare i anleggsperioden, og hurtigbåt skal trafikkere mellom Nesvik og Hjelmeland i den perioden. 

Dette må me finne ut meir om.........meir info følgjer....forhåpentlegvis.

FaceBook

Det ser ut til at turpostane våre blir ekstra godt besøkte i år! Særleg Brynå utmerkar seg med 581 besøk pr 13.8. Mot 528 i heile 2007. På Håvehammar var det 12.8. 404 som hadde notert namnet sitt i vaksenboka og 126 namn i barneboka, mot 585 i 2007. På Nesdalsfjellet har det pr 17.8 vore 335 besøk mot 581 i 2007. På Tausanibbå var det 61 besøk den 16.8 mot 69 i heile 2007. Dette lovar godt, det må vel bli rekordar i år?? Dersom nokon har tal frå dei andre postane våre, så send dei inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. så kan dei og leggjast ut her.

Det er ikkje for seint å vere med på konkurransen vår! Dersom du kjøper deg ei turdagbok m/laminert kart til kr 50,- på Naustet så kan du vere med å konkurrere om premiar på neste årsmøte i helselaget (som blir halde innan mars 09). Det vil vere to premiar: ein fin premie for dei som har vore på dei tre toppane Herefjellet (Tausanibbå), Gunlanuten og Røssenibbå, og ein for dei som har vore på alle 8 turpostane (dei tre toppane pluss Brynå, Håvehammar, Fosstemmen, Høgafjell og Nesdalsfjell). Turdagboka må leverast inn før årsmøtet med datoar for når du har vore på dei forskjellige bøkene. 

På Håvehammar er det eiga barnebok, med eigen premie for barn!

 

FaceBook

Sydenstemninga er over, og dei fleste av feriegjestene er dratt heim. Det nærmar seg skulestart og frukthaust. Men flotte, vare, varme stemningar kan me enda oppleva over Jøsneset. Ta deg turen ut å sjå på kveldshimmelen:      
                                images/JUL/Bilder/som13s.jpg   
                                images/JUL/Bilder/som14s.jpg

FaceBook

Nokre glimt frå den deilige sommaren 08:

images/JUL/Bilder/som15s.jpg                    images/JUL/Bilder/som18s.jpg

images/JUL/Bilder/som17s.jpg                    images/JUL/Bilder/som16s.jpg

images/JUL/Bilder/jarles.jpg                     images/JUL/Bilder/sol1s.jpg
  images/JUL/Bilder/som9s.jpg                 images/JUL/Bilder/som8s.jpg


images/JUL/Bilder/som11s.jpg                   images/JUL/Bilder/som12s.jpg
images/JUL/Bilder/som10s.jpg      images/JUL/Bilder/jarle2s.jpg
images/JUL/Bilder/gapa1s.jpg  

FaceBook

Torsdag 14.08 kl 19.00 i Trivselstova:

Møte om Jøsnes-standen til Frukt-og laksefestivalen.

Ein god del er allereie planlagd; men det er framleis rom for gode idear til Jøsnes-standen. Så ta gjerne kontakt med ein i Bygdarådet, Ungdomslaget eller Helselaget - eller møt opp sjølv !

To Jøsneshagar er med i konkurransen om finaste utemiljø. På Norsk Frukt- og Laksefest skal dei flottaste uteområda i Hjelmeland kårast. Du kan vera med og stemma fram vinnaren.

Fram til 20. august er det høve til å gå inn på Bygdaposten sine nettsider og velja blant tolv kandidatar.

Alternativ 4 er hagen til Olga Hjorteland og alternativ 5 er hagen til Jostein og Berit Hjorteland. Dersom du vil hjelpe til slik at det blir ein Jøsneshage som vinn prisen, så må du gå inn og stemme på desse!!

Jorunn

 

FaceBook

Som den observante www.josneset.no-brukar kanskje har oppdaga, så har aktivietsnivået på nettstaden vore litt laber nå midt på sommaren.  Dette skuldast ikkje berre at det er "agurktid", men òg litt tekniske problem, ferieavvikling og det faktum at dei lokale laga har lite aktivitetar sommarstid.  Ei anna årsak er at me i "redaksjonen" er få, og me klarer ikkje å fange opp alt som skjer i bygda.

Så me oppmodar alle; barn, ungdom, vaksne og eldre: send oss tips !! Dette er jo nettstaden der ingen nyhende er for liten. Men det bør gjerne ha ei viss almenn interesse !  Det kan vere ei koseleg, kvardagsleg historie frå Jøsnes-sommaren, eller kanskje ei dramatisk, eller utruleg eller snodig ? Kanskje om ein finfin fiskefangst. Eller tips om ei flott tur-rute. Eller eit uvanleg værfenomen, eller kanskje du har funne ein artig ting? Eller motsatt: kanskje du har mista noko, som du treng hjelp for å finne att?  Veit du om eit tema som gjerne kan interessere fleire Jøsnes-patriotar, så ta kontakt.

Vårt mål er at www.josneset.no skal utvikle seg og bli interessant for brukerane å "surfe innom". Då bør sidene oppdaterast relativt ofte. Dette klarer me ikkje utan litt hjelp av dykk: så kom med ris, ros, tips og idear for stoff og forbetringar! 

Elles kan me sjå at sida - etter det låge innbyggartalet på Jøsneset å dømme - er i flittig bruk.  Den artikkelen som har hatt flest treff er 17-maibildene på ca 850 treff. Som nummer to kjem Kalvadansen med 630 treff. Elles er det mange artiklar som ligg på +/- 500 treff, og det må me seie oss nøgde med når sida er såpass ny og me berre har knappe 170 innbyggerar på Jøsneset. Dette er ein finfin måte å få ut informasjon på ; td ser me at sida om tomter/hus, kalenderen og turstikartet ligg høgt oppe på treffskalaen!  Så har du noko du ønskjer å formidle til Jøsnes-interesserte, så er dette staden!

Kontakt oss på: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

 

FaceBook

Ein barnefamilie har kontakta Hjelmeland kommune - dei er på jakt etter både jobb, bustad/tomt - for dei ønskjer å etablere seg her i kommunen.  Kanskje me har noko ledig på Jøsneset ????

FaceBook
Fredags kveld den 27.07.08 var det skikkeleg "action" i Knutsvik. Ein person fyllekjørte med traktor, kjørte ned ei grind og oppførte seg truande. Personar som forsøkte å stanse vedkommande vart bitt, og måtte ha legebåten for å få behandling. Vedkommande trua både fastbuande og hyttefolk før endeleg ein handlekraftig lokal helt fekk fanga personen med eit teppe og fekk sett seg på han til politiet kom. Strandbuen har omtalt hendinga her. Og bygdaposten skreiv om episoden i papirutgåva fredag 01.08.08.
FaceBook

Frukt og Laksefesten i Hjelmelandsvågen nærmar seg, 6 september.  Jøsnesbygda er påmeldt med eigen stand - saman med Mikals Laks. Det er Helselaget, Ungdomslaget og Bygdarådet som saman sponsar stand-avgifta, slik at ein kan få profilert både bygda og lokale produkt frå Jøsneset.
images/JUL/Bilder/som5.jpg.jpg

Det heile er enda litt i planleggingsfasen, men her vil det nok iallefall bli råd å få kjøpt honning frå Åsland, agurk/tomater frå Fosså, diverse Buhagen-produkt - og sikkert meir til! Me satsar òg på salg av solsikker - som sjølv om dei ikkje er produsert på Jøsneset - så er dei eit fint symbol på vår solrike bygd. Helselaget stiller med info om sitt lokale arbeid og om Nasjonalforeningen for folkehelsen. Ungdomslaget stiller med salg av Jøsnes-t-skjorter. Bygdarådet stiller med info om område for bustadbygging og mykje anna. Og ein konkurranse blir det òg - så her er moglegheiter for premiering.

Meir info om standen blir lagt ut på nettsida når me veit litt meir om opplegget. Så følg med.

Me tar gjerne imot tips og idear til Jøsnes-standen: Kanskje du har lyst å bidra med hjelp og stille på stand òg! Ta kontakt! 

Støtt opp om bygda, og møt opp på Jøsnesstanden i Vågen 6 sept !

 

FaceBook

Ungdomslaget arrangerte foto-og teiknekonkurranse i år, og fekk inn mange fine bidrag. Me hadde ein liten utstilling i gymsalen siste helga i oktober. Spesielt kjekt var det å sjå at barna er ivrige, både med teikning/maling og framfor/bak fotoapparatet.


Facebook