1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Visste du at me har ein gjeng med sirkustalentar her på Jøsneset ? Balansekunst med store ballar og ringarFredag i sist veke ga elevane i storskulen svar på spørsmålet: Ja, det har me ! 

Forklaringa er som følgjer: Jøsneset skule får jamnleg eit tilbod frå Den kulturelle skulesekken (eit skuletilbod som alle skulane i Hjelmeland er med på). Denne gongen hadde skulen besøk av Carl Olsen frå Circus Sibylla i to dagar. Han er opprinneleg frå New Zealand, men bur nå og driv ein fjellgard i Tinn i Telemark. Han har i tillegg drive noko så spanande som ein SIRKUSSKULE sidan 1992.

Carl kom torsdag morgon og starta øvinga. Elevane blei raskt revne med og dei øvde og øvde. Sidan opplegget skulle avsluttast med ei framsyning måtte elevane velga kva Luftige kast og djup konsentrasjonartistnummer dei skulle bidra med. Etter kvart som framsyninga nærma seg, blei iveren og treninga meir og meir intens. På framsyninga var det mange tilskoderar: barnehagen, Jøsenfjordskulen og foreldre, besteforeldre og andre slektningar. Dei fekk oppleva mange sirkustalent som både imponerte og sjarmerte tilskodarane. Tydeleg at instruktøren kunne sine ting ! Han imponerte både i måten han instruerte på og korleis han fekk elevane til å bli trygge i det dei skulle gjere.

"Beste sirkuset som har vore på Jøsneset nokon gong" Laughing, blei det sagt då tilskodarane gjekk heim (det seier jo alt !).

Me seier nok ein gong BRAVO til "den kulturelle skulesekk" BRAVO til Cicus Sibylla og BRAVO til elevane på skulen !!

Sirkusdirektørane i aksjon  Flott balanse på rar sykkel  Mange imponerte tilskoderar

FaceBook
Facebook