1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Frå og med mars 2009 blir det ein ny ordning i Norsk Tipping som medfører den som tippar kan velge å i gi 5 % av tippesummen til ein lokalt lag .

Denne ordninga er kalla GRASROTANDELEN. Det inneber at den som tippar får opp valet om ein ønskjer å støtte eit lokalt lag med inntil 5 % av tippesummen. Dette går ikkje på bekostning av innsatsen eller premien - men går uansett til frivillig arbeid. Nå kan ein altså velgje kva lag ein ønskjer å støtte !

Vilkåret for at ein skal kunne velgje eit bestemt frivillig lag, er at laget er registrert i Frivilighetsregisteret i Brønnøysund.

Me i Jøsneset Ungdomslag har nå dette på plass, og er kvalifisert mottakar av Grasrotandelen for 2009.

Frå og med mars kan du altså velgje at 5 % av tippesummen går til oss Smile - og du sjølv taper ingenting på å vere givar!

Utbetalinga til laget vil skje 3 gonger i året,  og du som tippar kan etterkvart følgje med på kor mykje som går til kvar enkelt lag.

Les meir om GRASROTANDELEN på Norsk tipping si side her.

For deg som tippar, er dette enkelt.
Du kan finne oss via tippedisken hos kommisjonæren, på Internett, på mobilen og på spillterminalane (etter 1.mars)
Meir om korleis du praktisk går fram her.

Har du meir spørsmål, så svarer Norsk Tipping her.

Lurer du på kva andre lag som er registrert i Frivillighetsregisteret? Det finn du her

Då er det berre håpe på god vinnarlykke for alle tipparar......og for klingande mynt i kassen for lokale lag !

Styret
Jøsneset Ungdomslag.

FaceBook
Facebook