1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts
  


Skuleelevane på Jøsneset skule fekk eit uvanleg møte frå det djupaste djup på fiskemottaket på Skiftun i dag : møtet med sølvkveita !

 

Det var fiskarbrødrene Gaut Harald og Trygve Gautesen som fekk eit flott eksemplar av den relativt sjeldne sølvkveita på makrellnota si i Erfjord i dag. Sølvkveita var heile 190 cm lang.



Sølvkveita fins kun sporadisk langs norskekysten, men mest i nordaustlege Atlanteren. Den er ein djupvannsfisk som lever på djup mellom 200-900 m, og kan òg i periodar opphalde seg på djup ned på 1000 m. Men av og til på nattestid foretek den vandringar opp mot overflata. I følge fiskipedia.no så er leveviset til sølvkveita lite kjendt, då denne arten kun er observert død eller halvdød.

 

 
Men det flotte er at Gautesenbrødrene klarte å få si sølvkveite levande opp i båten, og frakta den til Skiftun Fiskemottak. Den fiskeinteresserte rektor Rasin på Jøsneset skule blei kontakta, noko som medførte at skuleelevane fekk ta turen på kaien for å sjå den snodige fisken. Og sølvkveita bestemte seg for å leve akkurat lenge nok til at ein del av elevane fekk sjå den sprellande i eit kar ombord i fiskebåten.
 

 


Sølvkveita har ein sølvblank glans og skinande raud rygg-og halefinne. Den har blitt omtalt som "a beauty in the deep" fordi glansen og fargen viser godt i dens rette element i sjøen. Men både elevane og fiskarane fekk erfare at når fisken dør og kjem på land, så mistar den sin fine glans og raudfargen på finnane bleiknar etterkvart. Dette vart verkeleg naturfagtime i praksis !! Fisken har òg eit stort,svart auge - på dette eksemplaret var auga ca 6 cm stort. Og elles var fisken paddeflat som ein bordplanke; kanskje difor den på engelsk heiter dealfish? Ein snodig skapning, som på norsk òg blir kalla vågmerr (våg=bølge og merr=hest, kjem visstnok av bevegelsane den gjer når den sym)

 


Sølvkveita er ikkje rekna som ein god matfisk, og på fiskemottaket var de difor i tvil om kva dei skulle gjere med eksemplaret.

Har du lyst å sjå video av sølvkveita på havets botn, sjå HER

 

 

 

 Alle foto: SvanhildH.Gbada

 

 

 

 

 

 

FaceBook
Facebook