1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Ole Geir Åsland frå Tau overtok heimegarden på Åsland i 2010 og har no i starten av 2011 investert i flott nytt vedutstyr (viss ein ser vekk i frå David Brown-traktoren i forkant..) og satsar på å få tatt ut mykje ved framover! Med seg på lasset har han bonden og nordsjøarbeidar Eilef Foss som samarbeidspartar i "Åsland ved". Ole Geir har erfaring med ved i frå Jørpeland frå tidlegare, men jobbar til vanleg som boresjef i nordsjøen. Då spør ein kanskje om kvifor ein boresjef satsar på ved på fritida.. Ole Geir kan få svare på det sjølv, men han har ymta noko om at ein tek betre vare på helsa med fysisk arbeid. For sjølv om dei har moderne utstyr å hjelpe seg med, er det framleis ein del fysisk arbeid som ligg bak. Dei går på skogen med motorsag og må pakke og løfte på vedsekkar (både 40 liter og 60 liter). Dei satsar på å ta ut meir ved neste år, i år kom dei seint i gong. Men litt ved har dei att til salgs av det som er tatt ut i vinter. Dersom du er interessert i å kjøpe ved frå Åsland Ved, kan du finne kontaktinformasjon under "næringsliv" til venstre i menyen.

FaceBook
Facebook