1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 Kommunen hadde ikkje arbeidd meir enn eit par dagar før kulda sette inn og sette ein stoppar for gravearbeidet i vegen ned mot Skiftun kai. Med "ein gylden halvmeter" tele i jorda blei arbeidet vanskeleg. Arbeidet er nå sett "på vent" til tela går.

Det er altså vassutbygging på gang. Det skal leggjast vassledning frå det nye høgdebassenget ved skulen ned langs kommunal veg til Skiftun kai/fiskemottak. I same trasèen skal det leggjast straumkabel. Sidan graveabeidet pågår i/langs vegen, vil òg vegen bli oppgradert i "same slengen". Vegen er fleire stadar humpete og skada av telehiv og sprekker. Det vil bli skifta ut masser og forsterka, og det vil sannsynlegvis og bli opparbeidd eit par møteplasser. Men forebels er altså arbeidet "på vent" til mildare tider.

FaceBook
Facebook