1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

Vi besøkte Seljord og der møtte vi Seljords-ormen over altLaughing

Fra Jøsneset reiste Jorunn Foss fra arbeidsgruppa i bulystprosjektet "Hjelmeland 24-7" og Svanhild Hjorteland, ny leiar i Jøsneset helselag. Tilsaman reiste 11 stk frå forskjellige frivillige lag og kommunen.

I Seljord fant vi bli-lyst og MASSE inspirasjon.

 

 

På veien opp fredag, stoppa vi i Vinje. Her var det snø i lufta, kaldt, men nydelig. Her fekk me høyra om Vinje sitt prosjekt som er noko liknande bulyst-prosjektet til Hjelmeland. Dei hadde og søkt prosjektmidlar og fått til ein flott ny, funkisbustad til gjennomgangsbustad for dei som ville prøve å busetje seg i Vinje. Der kunne folk leiga huset til redusert leige i inntil 3 år medan dei fann ut om dei ville byggje eller kjøpe noko sjølv. Det var venteliste på bustaden..

Vi fant ein mann som var ein skikkeleg inspirator! Han ville vi gjerne låne med heim.. Wink Han hadde mange hattar og var med i dei fleste styre av betydning og var tilsett i kommunen, han var og fylkespolitikar. Han hadde mange tips om korleis ein kan få til ting, ved å tenka anleis enn tradisjonelt. F.eks hadde dei fått til ein flott aktivitetspark i tilknytning til skuleområdet, midt i sentrum av Seljord. Her var det sett opp ny ballbinge, et 9 meter høgt klatretårn, fotball/isbane (ein sirkel), sykkel-/skatebane. I tillegg var området flott bearbeidd med høgdeforskjellar i terrenget og flott gras og fine trær. Trikset her var og å søke prosjektmidlar, men dei kunne ikkje kalle det "skuleområde" då, men måtte kalla det "aktivitetspark i tilknytning til skuleområde". Det gjeld å finne dei rette orda i søknad om prosjektmidlar. Dette leigde dei folk inn til å gjere, for det var vanskeleg å treffe med søknadane. Kommunen leigde og inn ein dyktig revisor, som fant muligheter for å skrive av moms m.m

Tårnet måtte jo prøvastCool

Eit anna eksempel på kva dei har fått til i Seljord: Ei arkitektteikna badstu ved Seljordvatnet, denne prøvde vi, og det var ei flott oppleving, me bada til og med i Seljordvatnet (og ormen nappa oss i tedneWink).

Ormen er merkevare nr 1, og dei spinn godt på myta om Seljordsormen. Dei har klart å få ormen til å gå igjen i alt frå kommunevåpen, til utkikkstårnet.. og ja, det er ormen vi skal sjå etterLaughing Klikk her for å sjå bilde av utkikkstårnet.

Kunst i naturen hadde dei og.

 

Vi tok med oss masse idear og inspirasjon heim att, og vi håper det kommer bygdene i Hjelmeland til gode i bl.a. bulystprosjektet 24-7. I første omgang er det kjøpt inn flotte benker og benkebord for Jøsneset sin del, som skal vera "møteplassar i naturen" på dei ulike turpostane i nærmiljøet. Dei første blir sett ut allereide til neste helg til 3-nutsturen og hardhausen på FosstemmenSmile Det kjem meir nyhende om den saka seinare, så følg medWink

 

 

FaceBook
Facebook