1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 
Etter nokre år med litt varierande interesse for tradisjonell juletrefest, var det i år igjen duka til juletrefest i gymsalen. Og dette blei eit koseleg "gjensyn" med juletrefesten slik mange hugsar den. Alt var på plass: folka, julesongen, stemninga, julenissen, ord for kvelden, gang rundt juletreet, Prøysenvise, leiker og Quis - og ikkje minst: glade barn, kaffe, gløgg og litt godt å bite i.


Marta Eiane heldt "ord for kvelden" - og det gjorde ho med glans - i rette "bestemor-omgjevnadar" i gyngestolen med stålampen. Marta fortalde om sin barndom i kystlandskapet på Bokn, om si ungdomstru og julebodskapet, og ikkje minst om si barndoms JUL.....som på mange måtar skiljer seg frå vår moderne, meir materaliserte julefeiring. Ord til ettertanke frå Marta.


Eit anna koseleg innslag var Ingeborg Westersjø sin Prøysen-song. Og dette blei ekte saker, for Ingeborg er oppvaksen i "Prøysenlandet" Ringsaker, og dermed fekk me den gode "Romjulsvisa" på EKTE prøysen-målSmile.....og jammen fekk me helse på "fireåringen",  ei "jinte på nesten fem" og "ein bror i femte klasse"....ja, til og med ho "bæssmor i stolen".....alle sjarmerande framført av resten av Westersjøfamilien: Annbjørg, Norunn, Kristiane og far Sven. Og det heile lifleg akkopangnert av "vår huspianist" Elsa N Altamirano - som forøvrig òg brakte tonefølgje til alle julesongane utover kvelden.

Elles var det leiker for små barn og "stafett" for dei litt større barna - og dei vaksne fekk kvessa seg med Quis. Trur de ikkje det var "Nesvik-bordet" som gjekk av med sigeren i Jule-quisen, med 19 poeng av 20 moglege. Bravo! Neste år slår me de !!Wink 

Og Nissen var ein god-kar som delte ut mandariner - til store og til små !

Tradisjonen tro: den koslege kvelden blei avslutta med gang rundt treet og DEILIG ER JORDEN !

Me takkar Ola Skiftun og Sven Westersjø for inititativet - og komitèarbeidet ! Kanskje me sees til neste års juletrefest !!!

PS: send gjerne inn foto frå festen Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

FaceBook
Facebook