1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Takk til dei ca 30 som blei med på Helselaget sin fellestur til gapahuken "Kalvagaren" ved Fosstemmen ! Trivelig gjeng og god blanding av barn og vaksne, fastbuande og besøkande frå nabobygdene våre !!  God prat rundt bålgrua inne i gapahuken her, med varm løksuppe, kaffe, saft og nybakt sjokoladekake. Søndag 19 januar.

 
Fosstemmen ligg ca 380 moh, snaue 3 km på skogsveg opp frå grenda Foss.  Her er målet i sikte, med Susanna Poulsen i spissen av denne pulja smile  Koselig med besøk frå nabobygdene !!

Området ved Fosstemmen er godt tilrettelagd for allmennheten, med gapahuk, kano/ved-bod, bålpanner, bord, benker  - Bålet var tent når turfølgjet kom opp, og suppe frå bålet blei servert

'

Frå Fosstemmen er det utsikt rett opp mot Valafjell, så var kledd med eit ørlite "melis-dryss" denne dagen. Gunlanuten i det fjerne, med enda meir "melis" på.


Dagens suppeminister : Ellen Maris heimelaga løksuppe smakte godt

 


Et pittelite islag på vatnet langs kanten - kjekt å leke med pinnar og steinar.


Bosse frå Hjelmeland og Norunn frå Jøsneset fant tonen fort  - og viste gjerne fram dei nylærte sirkustriksa wink

Takk for turen til heile gjengen!!    Kjekt at de møtte opp til Jøsneset Helselag sin fellestur i det stille fine januarværet !


Alle foto: Svanhild Hjorteland Gbada

Alle som deltok på turen fekk utdelt eit nytrykka TURSTIKART FOR JØSNESET:
Klikk på linken, så får du den ògwink så kan du sjøl skrive den ut i A3. Alle turrutene på Jøsneset er òg å finne i digitale kart td Norgeskart, og kan slik òg finnast via diverse mobil-appar, som td UT.no, Norgeskart eller Turkompis.

 

FaceBook
Facebook