1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower
Bygginga av både binge og scene pågår nå - med god framdrift !
images/JUL/Bilder/binge.jpg

Ballbingebygginga pågår akkurat nå med ein god porsjon dugnadsinnsats. Både store og små karar har vore i aksjon på tomta dei siste vekene. Prosessen har vist at rekrutteringa for framtidige dugnadsarbeidarar er stor!!  For borna i bygda har stått på, alt frå 1-klassingar til ungdomsskuleelevar har hatt noko å bidra med ! Og omen frå dei er: "dette må me støtte ! " 

Ringmuren rundt er nå støypt, og forskalingslemmane er fjerna. Nå blir det fylt opp med eit nytt lag med singel - og vidare eit fin-fint lag med sand - som skal presisjonsleggast: beint og fint !  Moglegvis kjem leverandøren med binge-elementa alt helga 8-10 mai, og då blir det monteringsjobbing i såfall! Så her går det unna !

images/JUL/Bilder/scene5.jpg

Scenebygginga
skjer utan dugnadsjobbing, men likevel med ein god porsjon lokal innsats: som kjendt finansiert av spleiselaget Jøsneset Ungdomslag (250 000), Hjelmeland kommune, Rogaland Fylkeskommune (tippemidlar).  Det er Hjelmeland Bygg som utfører tømmermannsarbeidet, og rektor Rasin fortel om flinke og orntlege tømmermann som gjer sin jobb godt : dei er i rute og som bildet viser har dei nå " slått hol" på veggen, så nå trer scenen fram !

Elles er scene-komitèen i full sving med planlegging og bestilling av lys, lyd, teleslynge og ikkje minst sceneteppe. Utstyret vil totalt kome på rundt 100 000, og det er Jøsneset Undomslag som finansierer det meste av dette. Men til informasjon kan me opplyse at òg her bidrar bygdefolket: det har hittil kome inn nesten 8 000, - i gåver ("kronerulling") til sceneteppet. Ungdomslaget nyttar høvet til å TAKKE alle rause folk !  Elles er det òg søkt om eksterne sponsormidlar. 

Har du òg  lyst til å bli "med-eigar" i sceneteppet, så kan de framleis gi til Ungdomslaget sin konto 3353 2224646 , merk fakturaen "sceneteppe".

Tømmermannsarbeidet blir fullført ila mai - deretter blir det elektro og malearbeid, og i juli vil sceneutstyret bli montert. Planen er å opne scenen etter skulestart i haust !

FaceBook
Facebook