1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Jøsneset Helselag, Nasjonalforeningen for folkehelse, iviterte bygdefolket til jubileumsfeiring og årsmøte sist veke.  Det blei ordførarbesøk, fylkesleiarbesøk, nydeleg tapas, knakande gode fløtekaker, blomsterdryss og sjølvsagt "god,gammeldags" basar med god inntekt og spaning rundt gevinstutdelinga. Her er nokon  avtroppande, nokon gjenværande og nokon påtroppande styremedlemmer i det kvinnesterke helselaget. Ingeborg Westersjø gjekk av som leiar, og ga stafettpinnen vidare til Svanhild Hjorteland.

Fylkesleiar i Rogaland, Elsa Vistnes fortalde litt kort om historia til Nasjonalforeningen som tidleg på 1900-talet blei oppretta for å bekjempe dåtidast værste folkesjukdom, tuberkolose. Og Jøsneset helselag var forsåvidt òg tidleg ute, då driftige damer i bygda stifta det lokale helselaget under Nasjonalforeninga alt i 1937. Gjennom desse 75 åra har det lokale laget jobba jamt og trutt med folkehelseprosjekt. Hovudfokuset er nå på hjarte-og karsjukdommar og demens, men det blir òg utført mykje godt førebyggjande folkeshelsearbeid som td barnetrim, helsebading og ikkje minst stimulering til fysisk aktivitet i form av turgåing.  Vistnes fortalde at lokallaga rundt om i Norge som oftast består av godt vaksne/pensjonerte damer. Der som skiljer Jøsneset Helselag ut, er den låge gjennomsnittsalderen i styret, noko som Vistnes tykte var positivt og motiverande for andre òg. Ho takka for innsatsen i laget og ønskte lykke til med 75 nye år i folkehelsa si teneste med blomar og gåvekort.

Neste på talastolen var ordførar Trine Danielsen. Ho merka seg òg med at dette er og var eit kvinnesterkt frivillig lag, og lurte på kor alle mennene var?  (det må føyast til at det har vore menn i styret i Helselaget, men her på Jøsneset, som så mange andre stader, så er frivillig folkehelsearbeid ein kvinnedominert arena). Ordføraren var oppteken av vårt tids store "folkesjukdom", nemlig inaktivitet og fedme. Særskild var ho oppteken av barn og unge si helse, og meinte helselag som Jøsneset gjer ein flott jobb i forhold til førebygging av helselidelsar. "Me har treningsarenaen like utanfor stovedøra, ein flott natur med fjell og fjord. Det er berre å ta den i bruk". Ho meinte det var bra at Helselaget satsar på turgåing, og ville gjerne òg bidra som føregongs-person på den fronten sjølv. Ho gratulerte jubilanten med god innsats for folkehelsa.

Så tid for årsmøte: VAL: Følgjande går nå ut av styret: Ingeborg Westersjø, Jorunn Foss og Tordis Nesvik. Nye inn var Svanhild Hjorteland (som blei vald som ny leiar), Paula Foss og Elsa Nesvik Altamirano. Elles tok styret opp ei sak om HJARTESTARTAR: årsmøtet vedtok at det skal kjøpast inn hjartestartar til bygda og at det skal leggjast opp til kursing ift. dette.  Vidare var det òg trekning frå turbøkene. Dei som hadde gått flest turar fekk utdelt gåvekort på ENKEL, og deretter blei det rein loddtrekning frå bøkene der ein i kvar bok vant eit FLAX hjartelodd.


Sjølvsagt var det òg tid for BASAR: loddsalget gjekk unna som ild i tørt gras, og pengelappane strøymde inn. Hovudgevinsten var ein fin gyngstol frå Axel Hansson, og etter utlodninga hamna den i Knutsvik....det same gjorde SPA-behandlings-gevinsten. Elles var det mange flotte gevinstar som blei spreidd rundt om i bygda og ut av bygda.


DÅ er det berre å ønskje det nye styret beståande av : Svanhild Hjorteland, Paula Foss, Elsa Nesvik Altamirano, Berit T Skiftun og Anne Tjeltveit lykke til med det vidare arbeidet innan folkehelsa.......så får me venta og sjå; kanskje får dei engasjert mannfolka sterkare inn på banen ògWink

FaceBook
Facebook