1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower



Tradisjonen tru inviterte Jøsneset Skule - saman med kulturskulen - inn til sommaravslutning i gymsalen på Jøsneset. Elevar i kulturskulen framførte mykje flott musikk både på piano, fiolin, gitar, song, fløyte og ikkje minst slagverkWink. Igjen får me stadfesta at talenta gror på Jøsneset: mange flinke musikalske elevar som ser ut til å stortrivast på scenen framfor ei stor forsamlingSmile


Skulen hadde òg sett saman fleire fine opptrinn, og publikum fekk god orientering om det kjekke sjøprosjektet skulen hadde i vår i Nesvik. Både gjennom song, ordspel, teikningar og ikkje minst power-point-presentasjonar fekk me høyre om krabbar, sjøstjerner, fiskar, garn og sløyeteknikk osv. Kjempeflotte presentasjonar.

Gymsalen var denne kvelden pynta med masse flotte kunstverk som småskulen hadde utført. Ein heil vegg var dekka med blå sjø-bilder, tydelegvis inspirert av sjøprosjektet i Nesvik.



Perspektiver har òg vore tema i år, og ein annan vegg i gymsalen var dekka av slike fantastisk flotte perspektivmålerier. Ikkje berre innan musikk og scenekunst me finn talentar !!


Etter masse fine elevpresentasjonar fekk me servert is, saft og kaffe....ein god pause med tid til drøs og raddel, før kvelden blei avrunda med at storskuleelevande overrakte gåve til lærar Tor Olav, som nå går av med pensjon. Rektor Rasin overrakte òg blom og helsing på vegne av arbeidsgjevar. Tor Olav takka for åra på Jøsneset skule saman med kjekke elevar og kollegaer !!

Kvelden blei avslutta med to feiande flotte sommarsongar, så nå kan me alle ønskje kvarandre GOD SOMMAR !!!

FaceBook
Facebook