1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 


Etter månader med gufsent vintervær, slo det endeleg til med glitrande vårsol lørdag 26. mars. Mange ville nok difor heller tilbringe dagen ute då, for oppmøtet på fotokurset hadde nok vore adskillig betre om været hadde vore dårleg. Men Morten Hetland i Hetland Media møtte opp, og han tiltrakk seg (trass i godværet) ein liten "eksklusiv", fotointeressert DAME-gjengKiss

Morten hadde førebudd eit inspirerande innlegg, og tema han var inne på var m.a. val av fotoapparat-type, tips om ulike innstillingar til ulik bruk, gode fototips og teknikkar og redigering og lagring av digitale bilder.  Ettersom damegjengen var såpass fåtallig (6 stk), så blei det god tid til spørsmål, diskusjon, testing og utveksling av foto-erfaringar.  Fotografering er noko de fleste av oss driv med; anten det er enkel familie- og feriefotografering eller om det er meir ein kjekk hobby. Gode tips og smarte måtar å gjere ting på inspirerte nok dei frammøtte til vidare fotografering. Så takk til Hetland Media for fint fotokurs i finværet.

Fotokurset blei arrangert i regi av Jøsneset Ungdomslag. 

(og elles har me nå fått konstatert at når det gjeld skismøring og fotografering, så er det Damene som er ivrigast på Jøsneset Wink)

Etter fotokurset blei det årsmøte i Jøsneset Ungdomslag. Referat frå dette følgjer i eigen artikkel.

FaceBook
Facebook