1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Hardhausen og 3-nutsturen blei avvikla 1.pinsedag, denne gongen med tidenes flottaste sommarvær !!
64 lettkledde, spreke, blide og turglade personar gjennomførte ei eventyrleg toppvandring - og tenk det blei årets yngste deltakar som gjekk av med seierskniven for 3-nutsturen: Elise Sværen Oaland (3.klasse). Foto: Ingeborg Westersjø

Elise Sværen Oaland er ein orntlig spreking. Alt som 1.klassing gjennomførte ho 3-nutsturen, òg då som yngste deltakarar. Òg i år var ho yngste deltakar (nå 3.klassing), og gjekk saman med mor, far og storesøster Ida. Elise brukte 5 t 44 min på turen oppom dei tre toppane Gunlanuten, Røssenibben og Valafjell, og ho var då den som kom nærast den hemmelege idealtida på 5 t 40 min. Dermed fekk ho ein flott kniv laga av knivmakaren Daniel Hjorteland.

Årets HARDHAUS (som altså toppa alle 4 toppane) blei Martin Augestad. Han gjekk m.a. saman med Trond Brandal frå Eiane. Dei to gjennomførte på akkurat same tida 6 t 6 min, medan den hemmelege idealtida var 6 t 16 min.  Dermed blei det loddtrekning mellom dei to på førsteplassen, og kniven gjekk då til MARTIN !! Martin gjekk heim før arrangementet var slutt, og me har difor enda ikkje lykkast å få foto av seierherren med kniv frå Daniel. Det var 20 stk som fullførte "Hardhausen" dvs alle toppane.

Elles var det liv og røre ved basen Fosstemmen heile dagen; grilling, natursti for dei små , kaffe på kjelen og ikkje minst bading i Fosstemmen.

Fleire foto frå arrangementet:

Registreringa starta kl 9 på Fosstemmen, og då var det alt mange turglade folk på plass. Her er det "Kroka-gjengen" som blir registrert.

Det glade sekreteriat; Svanhild og Anne i Helselaget sørga for det meste, inkludert registrering, tidtaking og premiering ! Ein lang, varm dag på basen ved Fosstemmen.


Tre spente delatakarar før start "blir me Hardhausar i dag, mon tru? " Ivar frå Stavanger og Lene og Lise frå sjølvaste JøsnesetLaughing


Her er òg tre blide Fosså-ar klar til avgang !


Første del av løypa går på bratt skogsveg



Påfyll med vatn trengtes undervegs; heldigvis mange fine "drikkestasjonar" undervegs. Jakob og Vebjørn  tankar opp.


Det var flott og godt å kome over skoggrensa og opp i høgda: har var det svalare. På alle toppane var det fin bris, og dermed ikkje så kjempevarmt som mange kanskje frykta på førehand (kanskje deltakartalet hadde vore noko høgare om temperaturen var noko lågare Wink) Undervegs på ruta passeres òg mange fine småvatn: her ved Gunlaknaggen mellom Valafjellet og Røssenibben.


Kjekkt å treffast på toppane; og drøsa litt om ruta, været, utsikten.....og dela litt på solkremen og knaska på litt mat og fylle på med væske. Her på Røssenibben.


Her er Elise på toppen av Røssenibben ca 719 moh, med utsikt inn Jøsenfjorden og heile den flotte, snødekte Ryfylkeheia i bakgrunnen.Foto: Silje Sværen



Heia yra av folk denne dagen.  Dette er ei hei der ein vanlegvis kan gå heile dagen utan å treffe folk, difor er det rart og triveleg å sjå og treffe folk både her og der....og ein høyrer drøsen går blandt dei ulike vandrarane.  Her der det ein lten flokk som er på veg opp frå Gunlastølen mot "majesteten" sjølv: Gunlanuten.


Deilige kjølande snøfenner på veg opp mot Gunlanuten; med Jøsenfjorden og Ryfylkeheia bak.



Her på toppen av Gunlanuten 829 moh , med utsikten nordover mot Erfjord og Suldalsheia. Her er det Skiftudal-gjengen som pustar i bakken. Foto: Anne Hjorteland


Mykje himmel og fjell ....i deilig svalande bris.


Utsikt frå Valafjellet 713 moh, ned mot Krokavatnet og Skiftustølvatnet, og med Herefjellet/NordHøgaste i bakgrunnen ....altså den 4.toppen ein må gå om ein skal kunne kalle seg HARDHAUS.



Drikkepausar var det mange av....og det gjorde godt i sommarvarmen. Her i siste harde kneika for årets yngste Hardhaus, Jakob 12 år.
Stigningane opp mot NordaHøgaste 690 moh er alltid tunge og bratte i litt "basete" terreng, men gevinsten får ein når ein kjem på toppen: for der er det vid og flott utsikt.


Joda, lett og luftig på Norda Høgaste; her utsikt ut Erfjord og vidare utover Nedstrandsfjorden. Foto Anne Hjorteland


Med desse spreke Jøsnes-jentene vinkar me farvel for årets heiavandring her fra Gunlanuten, og ønskjer store og små velkomne tilbake til heis til neste pinsehelg...og gjerne mange, mange gonger i mellomtida !! Foto: Silje Sværen

Foto (der ikkje anna er oppgitt):  Svanhild H Gbada.

HAR DU FOTO FRÅ DENNE FLOTTE HEIA-DAGEN ?
då er me veldig glade om du sender de til oss: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

FaceBook
Facebook