Laurdag 15 februar var det offisiell opning av den nye trimrommet på Jøsneset - eit rom som har vore under etablering i eit par år nå ! Anita Topp Sandvik frå  Topp Treningssenter var med oss på opningsdagen; med eit flott treningsinnlegg, ei halvtimes god treningsøkt og òg ein gjennomgang av alle treningsapparata: tips om praktisk bruk og treningsteknikkar. TAKK til Anita for veldig bra opplegg, som passa veldig bra for dei ca 25 frammøtte i alle aldersgrupper !

Anita kom med mange gode tips for å kome i gong med trening, og meinte det er veldig viktig å setje seg mål - så om det "berre" er å klare å gå til ferjekaien, eller kome seg til ein turpost. Det er lite som skal til for å gi treningseffekt.   Anita har treningopplegg for ulike aldersgrupper på Hjelmeland, og kan òg lage treningsplan for den enkelte. Har ein "vondter" eller ulike begrensingar, er det veldig smart å få ein personleg trenar som Anita til å lage ein plan for korleis akkurat du skal trene rett , med rett belastning og mengd. Då har du òg ein som følgjer deg opp litt,  og dermed blir det kanskje større garanti for at du faktisk følgjer opp di eiga trening  (for ofte er det lett å "sluntre litt unna" om ingen pusher litt på ).    Ein kan då anten trene på senteret hos Anita på Sandetorjå, eller ein kan trene heime eller stikke innom på trimrommet på Jøsneset når det passer. 

HER KAN DU ÒG SJÅ EIN LITEN VIDEOFILM FRÅ OPNINGA


Den "offisielle" snorklippinga tok Jøsneset Bygdaråd og Jøsneset Helselag seg av, her representert ved Svanhild og Ellen Mari.  Treningsrommet er finansiert av desse to frivillige laga; både som følge av dugnadsinnsats og via Expressmidler DAM-stiftelsen.  Helselaget har òg søkt og fått frivilligfondmidler til opppussing av gangen i gymbygget; som ein del av tilrettelegginga av dette tilbodet.  

Treningsrommet ligg jo vegg i vegg med gymsalen - og denne salen er jo eigna til all mulig slags treningsaktivitet !  Denne dagen instuerte Anita Topp Sandvik ei halvtimes god treningsøkt - som ho tilpasse fint for alle aldersgrupper blandt dei frammøtte, for her møtte både barn, tenåringar, ungdom, vaksne og seniorar. Gode og varierte øvingar og god uttøying etterpå. Dette var jammen veldig kjekt, Anita 

På Jøsneset kan du nå trene i rommet/salen når du vil. Du må betale ei lita årleg avgift. Her er framgangsmåten dersom du vll bli medlem.  Her er "husreglane" 

Inne på sjølve trimrommet demonstrerte Anita alle apparata, som her ROMASKIN.   Her kan ein dra til med ro-bevegelsar i eige tempo og styrke, godt for heile kroppen.   Anita anbefalte å variere litt på alle apparata, då dei gjer godt for ulike ting og fordi variasjon er bra og meir motiverande med korte økter enn laaaange.   Viktig å få opp litt puls og òg å få roe litt ned.  Det er òg tredemølle, ellipsemaskin, benkpresse og spinnigsykkel i rommet. 

 Anita viste òg ulike øvingar og teknikkar med vekter, kettlebells og balanseutstyr.  Her er det enkelt å tilpasse vekt og belastning til det som passer den enkelte.

Restitusjon og energipåfyll er jo viktig når ein trener ! Så òg denne dagen. I gangen var det laga til sunn pop-up-kafè med heimelaga pizzasnurrar, grønsakdippar, små energidrikkar (eplesaft) og kaffe/te.  Godt med litt prat og mat òg !

Dette er altså gangen inn til gymsalen. Helselaget har mottatt midler for oppussing, og for å gjere den til ein litt trivelegare møtestad ifm aktivitetar i gymbygget, som nå heiter JØSNESET GRENDAHUS.

Etter matøkta var det påan igjen ! Nå med ein liten MiniMesternesMester-konkurranse !  Det var 4 øvingar deltakarane måtte gjennom: først KIMs lek (sjå-og huske-lek) slik at hjernen òg fekk litt trim. Andre øving var balanse !  Tredje øving var styrke og uthaldenhet; med 90-graderen i vegg. Siste øving var kappgang i gymsalen med badningtonball på hodet !!

Balanse på ein fot med armane ut i ulike retningar - ikkje så enkelt som det ser ut som

Silje har rekna gjennom poenga frå 4-kampen som dei 17 deltakarane var med på .  Det viste seg at Øyvind Oaland gjekk av med seieren i Mesternes Mester, med Jakob H Gbada på 2. plass. Begge to fekk eit års gratis trening i rommet laughing

Men aktiviteten var ikkje heiilt over enda. Dei to nederste på resultatlista måtte jo (som seg hør og bør i MesternesMester) ut i "NATTKAMP" - det blei Odny Langvik og Torunn Rødde som måtte inn i salen, og kaste ball i korga. Ei øving som ikkje er heilt enkel når det er lenge sidan ein har prøvd !!   Etter ein jamn strid, var det Odny som her la inn seierskastet, og vant duellen

Øyvind er ikkje berre mester i pizzasnurrbaking, men blei òg vinnar av MiniMesternesMester.   Her saman med Odny og Torunn som kjempa saman i "nattkamp" - Odny vant av dei to, og fekk seg difor eit års gratis trening på Jøsneset Treningsrom laughing

TAKK TIL ALLE SOM DELTOK !!  Blei du inspirert og fekk lyst å trene meir? Ta kontakt med Anita Topp Sandvik - så lagar ho eit opplegg som passar akkurat deg, og som du kan bruke både heime, hos henne eller her på Jøsneset !

  

 

 

 

FaceBook
Facebook