1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Sparebanken 1 SR Bank sitt bankråd har i haust så raust bestemt at Jøsneset Ungdomslag får kr 10 000 i bankrådsmidlar til sceneutstyr Kiss Beskjeden kom frå banksjef i Årdal, Sigrid Riskedal, som rosar dei frivillige bidraga frå bygda for å få til denne scenen m/sceneutstyr.

Dette var ein av fleire søknader Ungdomslaget sendte til eksterne sponsorar. Me har fått fleire avslag, så dette var særs gledeleg og kjem godt med !!  Sceneprosjektet har gjort eit djupt innhogg i oppspart kapital, men allereie vel avvikla arrangementer på scenen vitnar om at dette var vel investerte pengar. Bygda har nå ei ortleg storstove !

Me takkar og bukkar og bøyer oss i støvet for den generøse gåva frå SR Banken. Me blei så hoppande glade, at me sporenstreks bestemte ny PÅSKEREVY ! Så då kan du få sjå kva pengane har gått til: lyd, lys og scenetepper :-)

Me vil samstundes nytte høvet til å takke og bukke vel så mykje for alle gåvene me har mottatt til prosjektet frå privatpersonar i bygda. Me utfordra til ei lita kronerulling, som jammen innbrakte tilsaman ca 12 000 !!  Mange flotte bidrag her som me takkar hjarteleg for !! 

Jøsneset Ungdomslag
v/ Svanhild H Gbada

 

FaceBook
Facebook