1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Foto: Dagsavisen

Nytt år - nye utfordringar. Ingen VEIT kva året vil bringe.

Men alle:  store, små, unge, gamle kan bli med å SPÅ JØSNESET SI FRAMTID 2011.

Send inn dine svar på dei 15 spørsmåla nedanfor innan 15.februar 2011, så er du med på Jøsneset Ungdomslag sin SPÅDOMS-KONKURRANSE 2011 :

 

1. I løpet av 2010 har Jøsneset hatt ei folkevekst på 10 pluss. Kva er statusen pr 31.12.2011?
Og viss det blir vekst: kva grend av bygda får den største veksten (i 2010 var det Knutsvik)?

2. I år blei det født to flotte Jøsnesbabyar: ein gut og ei jente. Kor mange nyfødde får me i bygda i løpet av 2011??

3. I følge statistikken er det ingen 1.klassingar på Jøsneset til hausten. Men me kan jo håpe at det kjem tilflyttarar med barn i rett alder. Kor mange startar i 1. klasse på Jøsneset skule hausten 2011?

4. Blir det kvit jul på Jøsneset for tredje år på rad ?
 
5. Kven held 17.mai talen på Jøsneset i 2011?
 
6. I 2010 blei det tatt i mot 305 tonn makrell på Skiftun Fiskemottak. Kor mange tonn blir det i 2011 ?
 
7. Vil badetemperaturen i Skiftuvika overstiga 20 grader?

8. Pr årsskiftet 2010/2011 er det 28 ferjeavgangar frå Nesvik pr døgn (inkl Omboturar). Kor mange er det pr neste årsskifte?

9. I løpet av 2010 har det vore 948 personar som har skrive seg inn i Jøsneset Helselag sine turbøker på Håvehammar. Kor mange er det tilsaman pr 31.12 2011?

10.Kva heiter ordføraren i Hjelmeland i desember 2011?

11. I denne valperioden har det ikkje vore Jøsnesbuar som faste medlemmer av kommunestyret ? Blir det det etter valet i 2011, og kven då i såfall ?

12.Fellingsrapportane frå 2010 viser 43 felte hjortar på Jøsneset dette året. Det er ein fellingsprosent på 83 %. Kor mange hjort blir felt i 2011?

13. I 2009 var 30- 40 som deltok på Hardhausen/3-nutsturen. I 2010 var det over 80. Kor mange deltakarar blir det på Hardhausen/3-nutsturen i 2011 ?

14.Kor mange nye bustadhus blir bygd/påbegynt på Jøsneset ila 2011

15.I løpet av 2009 hadde www.josneset 9 477 besøk og i 2010 hadde me  13 500 besøk.  Kor mange blir det for 2011??

 

Send svara dine til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. innan 15.februar 2011 og bli med i konkurransen om fine Jøsnespremiar frå Jøsneset Ungdomslag Wink

Det blir spanande å sjå om året som kjem blir eit år med vekst og framgong - set i gong å "gni på spåkula"Laughing

Svara får de har på nettsida som "nyttårsgåve" 2011/2012

FaceBook
Facebook