1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Martin Augestad (snart 17) er altså HARDHAUSEN 2012. Denne gjeve tittelen fortel oss at Martin toppa alle dei fire høgaste toppane på Jøsneset 1.pinsedag 2012; Gunlanuten, Røssenibben, Valafjellet og NordaHøgaste.  Kniven til Daniel har dermed havna i Sandnes dette året. Martin gjekk turen på 6 t 6 min, og kom nærast den hemmelege idealtida som i år var på 6 t 16 min.

Martin gjekk turen i lag med Trond Brandal og Jone Hjorteland. Jone måtte skunde seg litt på slutten, og fekk difor litt raskare tid enn dei to andre. Trond og Martin fekk same tida i mål, og det blei loddtrekning - som Martin vant !

Martin fortel at han er skulekamerat med Trond på Tryggheim VGS, og blei invitert med på turen av han. Martin gjekk Hardhausen for første gong, og har heller ikkje vore i heia her før. Han fekk eit godt førsteinntrykk og syns det var ein flott tur. Så flott at han vil foreslå for Trond at dei òg skal gå til neste år - slik at han kan forsvare Hardhaus-tittelen.

Elles har me funne ut kvifor Martin er så steikje god til å gå: sjå SANDNESPOSTEN.
Viktig med god erfaring frå lange turar Wink

Me ønskjer Martin og Trond ....og heile Tryggheim for den del... velkommen til Hardhausen 2013......så skal me her inne sørgje for at han får utfordrarar til Hardhaus-tittelen !

 

FaceBook
Facebook