1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

HARDHAUSEN 2019 går inn i historia som eitt av dei desidert suraste av dei 11 fullførte arrangementa ! 1.pinsedag 2019 var ei samanhengjande laaang regnbyge med skodd frå begynnelse til slutt og vind på toppane....ja rett og slett et sorgens vær! MEN: dette stoppa ikkje våre 37 fantastiske deltakarar !! Heile 17 stk fullførte Hardhausen med 4 sure nutar med null utsikt.  15 stk fullførte 3 nutar ! 5 deltakarar valde å gå til 1 nut ! Arrangøren bøyer seg i støvet av entusiasmen, energien og humøret til deltakarane, her representert med team Myklebust-Hovda på Norda Høgaste (tenk de turde å ta opp mobilen for å knipse):  Fantastisk. Gratulerar til alle som deltok !! Og her er dagens resultat:

Aleksander Buer Mikalsen (6.gongs-deltakar) blei trekt ut som ÅRETS HARDHAUS - og fekk deltakarpremie Hengekøye og Termokopp.
Kristiane Westersjø (9.gongsdeltakar) blei trekt ut som ÅRETS 3-NUTS-VINNAR.
5 stk fekk 10 års krus
1 stk fekk 5 års-t-skjorte
1 stk fekk 1-års-krus
8 stk fekk deltakarpremie
Alt dette går fram av DELTAKAROVERSIKT OG PREMIELISTE

ÅRETS HARDHAUS 2019 :
Aleksander Buer Mikalsen th, som òg fekk trekt deltakarpremie (termokopp). Han har deltatt 6 gonger saman med Rick Andre Opedal (som har deltatt alle 11 gongene) og Tove Opedal som fekk 10-årskruset i år !! Skikkelige hardhausar heile gjengen altså !

 
ÅRETS 3-NUTS-VINNAR:

Kristiane Westersjø, som nå har deltatt 9 gonger. I dag gjekk ho saman med veninna Siri Kvame som deltok for 2.gong.  Jentene gjekk aleine, men traff folk undervegs, var våte som fy - men kven var ikkje dettongue-out Flott prestert, jenter,  saman med hunden (som me trur heiter King) wink


Deltakarane var flinke til å melde ifrå ved avgang, og folk møttes litt undervegs i løypa. De var flinke og fulgte dei merka løypene i tåka, og når de kom til Gunlabu like før den høgaste toppen Gunlanuten venta EllenMari og Odd med himabakte jødekaker, nøtter og saft. Tåka var så tett at hytta ikkje var lett å sjå. Likevel var så og seie alle innom denne mellomstasjonen høgt der oppe mellom nutane.

Ved basen på Fosstemmen var det fyr på bålet ved heile dagen, og bålkokt kaffe, popcorn, frukt og heimebakte kaker blei servert til klissvåte vandrarar. Røde Kors var på plass med 2 stk heile dagen i gapahuken - mange takk.  På basen var det elles Sven og Svanhild og delvis Brahim som passa på.  To friske jenter fullførte naturquissen og kvalifiserte til såpebobler. Ellers var det ikkje besøk på basen frå andre vandrerar denne dagen. Ingen padling, ingen bading - berre kaffedrikking og kakeeting :-)

Det er kome inn mange fine bilder frå deltakarane og frå dei frivillige, men INGEN utsiktsbilder !  Men deltakarane blei oppmoda om å ta nut-selfiar undervegs. Desse selfiane og fleire foto vil bli lagt ut på Jøsneset si facebook etterkvart (Me berre håpar at alle mobilkamera har "overlevd" den blaute ferda)

Foreløpig avsluttar me med to selfiar som på ein måte oppsummerer dagen relativt greitt:

PÅ DEN FØRSTE SELFIEN STOD DET:

"Silje, Øyvind og Jackie (hunden) nede til venstre - Valafjellet"                       ????

yell ???

PÅ DEN NESTE SELFIEN STOD DET:

"Her var vi visst"

 

laughinglaughinglaughingtongue-out

Igjen: arrangøren bøyer seg i støvet av denne entusiasmen, og takkar alle som deltok !!!

Fleire foto kjem, så følg med .

Takk til sponsor Hjelmeland Sparebank

Takk til frivilige som deltok !

 

 

FaceBook
Facebook