Gymbygget på Jøsneset skule er under kraftig oppussing for tida. Vestibylen har fått ei fargerik oppgradering, og kjøkkenet og lærarrommet er ikkje til å kjenna igjen!

Bygdarådet sitt årsmøte vedtok å bygga nytt kjøkken i gymbygget. 

Helselaget  søkte og om pengar frå Frivilligfondet til å pussa opp vestibylen, og fekk   30000,-! Vegger, lister og ytterdør blei friska opp med maling i spreke fargar, og kommunen la nytt golv i gangen og på toalettene, samt sette inn nye innerdører. Det står att noko arbeid med innreiing, men bygget har fått eit flott inngangsparti! "Før-biletet" frå vaskerommet viser vel at det var på tide å friska opp litt... 

Hjelmeland kommune sette i vår av ein pott med "coronamidlar" for å stimulera lokalt næringsliv, og på lista over prioriterte tiltak fekk Jøsneset grendahus plass. Etter litt forhandlingar blei me enige om at kommunen kosta nytt elektrisk opplegg i kjøkken + lærarrom samt nytt sikringsskap, i tillegg til å legga nytt tak der det lenge har vore lekkasje og fukt.

Det var sett ned ein komitè for prosjektet beståande av Odd Fosså, Silje Sværen, Sven Westersjø, Hanne Tjeltveit og Jostein Hjorteland. I tillegg sa Roar Langvik seg villig til å vera teknisk rådgjevar. Me hadde "oppstartmøte" i juni, og sette så i gang med å riva kjøkkenet, veggen mellom kjøkkenet og lageret og veggen som delte lærarrommet i to.

Musaskit, muse"mumiar", støv og fukt viste at det var på høg tid å skifta ut kjøkkenet! Sven hadde adskillige turar med rivingsavfall til Viganeset, og det meste kom heilt fram til søppelplassen tongue-out

Det mest solide byggverket å riva var hylla med gymutstyr i materialrommet! Odd sleit nesten ut brekkjernet i kamp med dei solide spikrane.

Kjøkkenet blir større enn før, med opning inn bak "baren" i Nye Lærarrommet Pub

Nytt elektrisk anlegg er no på plass, og nytt tak er lagt. Om ikkje lenge kjem kjøkkenmodulane frå IKEA, og det blir endeleg tid for DUGNAD igjen! Komiteen vil så langt  takka Roar Langvik for fantastisk god hjelp, og ingeniør Eirin Eidem Meihack i kommunen for effektivt og løysingsorientert samarbeid smile

 

FaceBook
Facebook