Laurdag var det duka for det første Smashing Jøsneset junior, og både etablerte og rykande ferske artistar entra scenen

Dei knapt 50 store og små som trassa regnet fekk med seg sprø musikalske innfall frå Smell&Sprell, sang frå Bente og rykande ferske talent. God grillmat med heimelag lakseburger frå Odd og Ellen Mari sitt kjøkken freista mellom innslaga frå scenen.

Først entra Smell&Sprell scenen, og duoen Ståle og Nathaniel Strømsvold hadde både morosame og merkelege musikalske inn- og utfall!

Deretter var det klart for unge lokale talent, og  David og Nora greip sjansen. Søskenparet hoppa i det og song, men komp frå Smell&Sprell.

Eigil Sjursen imponerte stort med si tolking av  "Piano man" på vokal og keyboard

Nok eit søskenpar - Sebastian og Andreas rocka Smashing-scenen!

Karen Elise og Norunn varta opp med både song og dans

Bente Tednes fekk publikum med seg på allsang og tilløp til dans, i tillegg til fleire fine sangnummer

 

Takk til artistar, sponsorar og publikum!!

FaceBook
Facebook