På Jøsneset er det allereie lange tradisjonar for å ha turpostar med bøker i som folk skriv namnet sitt i når de går på tur - Dette er eit opplegg som Jøsneset Helselag har drifta i mange år, og som er ein flott stimulans til å oppsøke turmål og halde seg i aktivitet. På årsmøtet blei det trekt ut vinnarar frå kvar av dei 9 turpostbøkene:

NB: VInnarar som enda ikkje har mottatt gåvekortet, får dette ved å ta kontakt med Berit S Hjorteland 950 50 427

 

Brynå, vaksen            
Kåre Nesvik      Totalt 460 besøkande derav 64 barn (totalt 439 i 2015)                           

Brynå, barn                
Finn R. Olsen Hana     Totalt 460 besøkande derav 64 barn (totalt 439 i 2015)   

Håvehammar, vaksen  
Ellen Mari Fosså    Totalt 1233 besøkande derav 175 barn (totalt 1502 i 2015)

Håvehammar, barn      
Ronja Foss           Totalt 1233 besøkande derav 175 barn (totalt 1502 i 2015)

Nesdalsfjellet, vaksen  
Kristine Nesvik Andersen        Totalt 1073 besøkande derav 167 barn (totalt 826 i 2015)

Nesdalsfjellet,barn
Misgana Yonas          Totalt 1073 besøkande derav 167 barn (totalt 826 i 2015)
   
Tausanibbå                
Eilef Foss      158 besøkande mot 182 i 2015

Norda Høgaste            
Gunnar Mork     168 besøkande mot 155 i 2015

Fosstemmen              
Svanhild Hjorteland Gbada     802 besøkande mot 785 i 2015

Valafjellet                  
Sylvia Frafjord     146 besøkande mot 58 i 2015

Gunlanuten                
Jonas Hjorteland Gbada        391 besøkande mot 342 i 205

Røssenibben              
Sigurd Opedal        154 besøkande mot 67 i 2015 

Alle vinnarane får eit gåvekort frå ENKELBUTIKKEN PÅ HJELMELAND på kr 250,-

Det er altså totalt 9 turpostar med bøker i, og dei 3 som ligg i låglandet har eigne barnebøker.  Stiane til turpostane er merka, og turane er skildra i TURSTIFOLDAREN 

Statistikken viser at trafikken på dei høgaste toppane stig - noko som sikkert har samanheng med Hardhausen, og kanskje den fine marknadsføringa Jøsnesheia får gjennom bloggen Turanbefalinger

Noko som nok òg spelar inn på statistikken er at i 2015 var Håvehammar ein av kommunen sine kodejaktpostar, medan i 2016 var Nesdalsfjellet kodejaktpost.
Blir då spanande å sjå kva utslag ein får på Tausanibba som i 2017 vil vere ein av kommunen sine kodejaktpostar !

Turgåing er ein positiv aktivitet som kan kombinerast med så mangt - som td dikting - dette koselege moltediktet fant me i boka på NordaHøgaste: 

JØSNESET HELSELAG oppmodar folk om å fortsetje å bruke vår vakre natur og godt merka stinett - Ta med ein venn og ein kopp kaffe.......og ja kva anna kan me seie:




Det er veldig fint om folk i bygda kan fortsetje å "adoptere" stiar som ein har litt ekstra bankande omsorg for, på den måten held me stinettet oppdatert og rett.

Turpostansvarleg for Helselaget er nå Svanhild H Gbada.  Meld få til 97007636 om du kan vere slik adoptivmor eller adoptivfar - og elles gi beskjed om feil eller manglar på rutene.

JØSNESET HELSELAG 

FaceBook
Facebook