Tradisjonen tru blei det arrangert Jonsokfeiring i Skiftustranda. Været er ikkje heilt på vår side for tida....(kor e solå?), og litt kald vind og småregn i lufta gjorde kanskje sitt til at det ikkje var deltakarrekord i år. Men koseleg blei det likevel !!

 

 

Det var rigga til grill, og mange gode rettar blei til over glørne......siste nytt på grillfronten på Jøsneset: grilla surkål !! Joda: posen rett på grillen; og vips så har du heit surkål til pølsaWink Og tradisjonar må haldast på slike dagar: så det blei sjølvsagt òg krabbefangstkonkurranse, is til alle barn, bading med full påkledning og ikkje minst tautrekking.


I år var laginndelinga i tautrekkingkonkurransen aldersbestemt. Etter store, lange og filosofiske diskusjonar om kor den magiske alderdomsgrensa burde gå; ved 35? 40? eller 41?, blei omsider laga fordelt. Ved første forsøk vant "ungdommane" elegant. Dette resulterte i ny fundering på aldersfordelinga, og ny lagoppstilling blei organisert. Og vips: så medførte det at "oldingane" vant.   Twist blei det difor til alle, for alle var jo vinnararKiss


Her er "ungdommane" i aksjon....


....og her er dei nyorganiserte "oldingane"....vel, vel...de ser både unge og spreke ut, sikkert difor dei vant siste trekk.

FaceBook
Facebook