Pga usikker koronasituasjon framover har styret i Jøsneset Helselag kome fram til at ein ikkje vil legge opp til fysisk årsmøte i år heller. Me gjer difor som i fjor: avheld "skriftleg årsmøte". Det skjer på den måten at alle medlemmer i Jøsneset Helselag får utsendt årsmøtepapirene 14 dagar før årsmøtet. Då vil alle få tid til å respondere på saken før sjølve årsmøtet. Info framgår av utsendinga.  Dersom nokon har saker de ønskjer å fremje for årsmøtet, meld dette inn til sekretær Marit Wyller innan 5.mars 2021, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.r.no  Sjølve årsmøtet blir avhalde torsdag 25.mars.

Trekning i turbøkene vil bli foretatt på årsmøtet, og vinnarane kontakta. Det har vore veldig godt besøk på dei 10 turpostane i år; ca 5600 besøk ! Det er ein auke på over 1200 frå i fjor

FaceBook
Facebook