images/JUL/Bilder/17mai1s.jpg   17.mai-feiringa blei både kjekk og koseleg, med godvèr. Toget starta frå Skiftun kai kl 11.00 og det dura oppover mot skulen.

På skuleplassen song me "Ja vi elsker", før det var inn å høyre talen, som i år var av varaordførar Nils Jarl Nessa.  Nytt av året i år, var at me måtte øve oss på å sitje vendt ein annan veg enn før: austover mot den nye scenen (som enda ikkje er heilt klar, men som var pynta med store bjørketrær for dagen).

Deretter var det bånn gass; med lapskaus, pølser, is og brus ....vidare på luftgevær, pilkast, spikring, sekkehopping, flaskebowling, hestesko, natursti og diverse andre konkurransar. Dei fleste aktiviserte seg veldig, men ein god del nøyt berre sola, kaffien og isen i solhellinga.   Aktivitetane blei avslutta med ein kjekk og intensiv fotballkamp mellom storskulebarna og lærarar (som måtte innkalle forsterkningar blandt andre vaksne). Kampen foregjekk i den flunkande nye ballbingen; og den funka bra både for spelarar og publikum. Kampen var jamn og hard, og enda 6 -6. Gratis brus og is til skulebarna  og eple og turbok til dei vaksne :-)

Til slutt var det sjølvsagt premieutdeling. I år var det litt nytt i klasseinndelinga: t.d. felles vaksenklasse i luftgevær, pilkast mm. Like premiar til alle: turkoppar i tre, nyttig og fin.  Og alle barna som deltok fekk såpebobler og klistermerker.
Nytt av året var òg at vandrepokalen for skarpskytinga gjekk til ein Jøsenfjordbu, Frode Berg Johnsen, som skaut heile 91 poeng. Me gratulerar !!  Så nå må Jøsneskalvane leggje seg i hardtrening til neste år, for å klare å "skyte" pokalen attende til bygda igjenKiss

Me har i år ikkje kapasitet til å legge ut så mange bilder frå feiringa, men me viser til Bygdaposten, Bildeglimt. Der finn de òg bilder frå 17.mai på Jøsneset. (bildene er litt store når du klikkar på de, men kan forminskast ved å eigendefinere zoomen på 35 % ).

images/JUL/Bilder/17mai2s.jpg

FaceBook
Facebook