Mand 30 mars blei ei gammal løe brent kontrollert ned images/JUL/Bilder/brann1.jpg

Det var den gamle løa i tunet hos Sven og Ingeborg Westersjø som blei brent opp. Tre brannbilar var på staden med brannmannskap både frå Hjelmeland, Jøsenfjorden og Jøsneset. Etter at det var tent på, og brannen ulma noko, fekk brannmannskapet frå Jøsneset og Jøsenfjorden gå inn i bygget å øve seg i røykdykking - ei heilt realistisk øving som gjekk som planlagd !
images/JUL/Bilder/brann2.jpg  images/JUL/Bilder/brann3.jpg

Ein del folk hadde møtt opp for å sjå når den gamle løa brant opp - og slik forsvant eit kjendt landemerke i Fossgrenda.
Nok litt stussleg med det same - men det hyggelege er at det nå skal byggjast nytt bustadhus på tomta !

FaceBook
Facebook