Det er anleggsarbeid på gang i Skiftudalen. Det er kommunen som fortset vassutbygginga. Nå skal det gravast ned vassledningar frå skulen, der høgdebassenget ligg) og ned langsmed kommunal veg til Skiftun kai /fiskemottaket. I same trasè blir det òg gravd ned ein kraftig straumkabel (sjå foto). I går, tirsdag, blei desverre nettkabelen gravd av; noko som medførte at delar av bygda var utan fasttelefon og internett. Gravearbeidet kan òg medføre stengd veg til tider; som idag onsdag då postbilen/skulebuss måtte kjøre via tunet til Inge Torkel. Meir info om arbeidet følgjer.
Nytt frå Strandbuen
- Strand vil ha to nye prosjektledere – disse har søkt
- Ingen fastleger i Strand har plass til flere pasienter – så lange er ventelistene
- Tar ventelistene på alvor: Særlig 41 personer blir prioritert
- Adrian (20) var ein av få på sin alder på Ryfast-møtet: – Mange unge tenker ikkje på at det er dei som skal betala lengst
- Nå skal det ansettes ny fastlege – disse har søkt