Nå er det på tide å pusse støv av turskoa og legge deg i trening til årets styrkeprøve: HARDHAUSEN og 3-NUTSTUR.

Set av  1.pinsedag, søndag 27 mai !!!

Dette blir 4.gong "løpet" går, og igjen satsar me på strålande turvær, mange spreke deltakarar og god utsikt over fjordar, fjell og himmel frå dei høgaste toppane på Jøsneset.  Komiteen er i arbeid. Meir info følgjer etterkvart. Følg med og legg opp "formtoppen" til 1.pinsedag.

Arr: Jøsneset Helselag og Jøsneset Ungdomslag.

Litt bilder frå tidlegare år som viser litt av turterrenget. Jøsneset er ei halvøy, med fjordar på tre kanter: Jøsenfjorden, Ombofjorden og Erfjorden. Difor får du ein formidabel utsikt over Ryfylke på heile turenSmile



Røssenibben ca 720 moh - utsikt inn Jøsenfjorden

Utsikt frå Røssenibben - ut Jøsenfjroden mot Hjelmeland.




Valafjellet ca 710 moh

På veg frå Røssenibben mot Valafjell i bakgrunnen. Utsikt mot Ombofjorden og Randøy.


Gunlanuten 829 moh - utsikt ned mot Erfjord.

Mellom Gunlanuten og Røssenibben




Norda Høgaste 690 moh på Herefjellet: dette er den 4. toppen du må gå om du skal kunne kalle deg "Hardhaus"
Utsikt rett ned i Erfjorden og innover Bogsund.


Utsikt frå Herefjellet/NordaHøgaste mot Nedstrandsfjorden.


Start- og målområdet er ved gapahuken "Kalvagaren" ved Fosstemmen, 380 m.o.h

FaceBook
Facebook