Siste nytt
- Årsmøte Jøsneset Helselag 2021
- Ny melding frå Statens Vegvesen - ferje og hurtigbåt
- Meldingar vedr ferjedrift Nesvik
- Krambuå på Skiftun gjenopna etter 62 år
- Laurdag 13. februar opnar Krambua igjen
- Endringar på ferjekaien
- ÅRSMØTE BYGDARÅD OG BEDEHUS
- Innstilte ferjeavgangar natt til fredag 29.januar
- Lokal fiskar i spissen for fiskeriaksjon
- Drøymer du om å bu landleg?
Strikkekveld - Torsdag 15. okt
Det blir strikkekveld torsdag 15. Oktober Kl 19.00 til ca Kl 21.00 i Trivselstova. Alle er velkomne både med og utan strikketøy til eit uformelt treff.
> Har du ikkje anledning til å komma på torsdag, men kan tenke deg å vera med ein annan gang, så er det fint om Ellen Mari får ein tilbakemelding på tlf 92 46 36 75.
> NB! Me tek omsyn til gjeldande smitteregler.
> Velkommen!
> Arr: Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag
Les om busssjåføren Sven på JONEBLOGGEN
Jone Laugaland har ein finfin blogg for alle som er interessert i Ryfylkestoff. Den heiter JONEBLOGGEN, og denne gongen kan du lese om den blide busseigaren Sven Gjil Westersjø ....som mellom anna skyssar skuleungane att og fram over fjorden !
Les om storfiskaren Oddvar på JONEBLOGGEN
Jone Laugaland har ein finfin blogg for alle som er interessert i Ryfylkestoff. Den heiter JONEBLOGGEN, og her kan du lese om den ivrige fiskaren Oddvar Skiftun som drog ut på Ombofjorden ein vakker haustdag....og drog i land denne store ruggen !!
Takk for bidrag til demensaksjonen
Jøsneset helselag har denne veka hatt digital demensaksjon. Hjarteleg takk til alle som vippsa inn pengestøtte !! Tilsaman blei det samla inn kr 4 450 via Jøsneset helselag sitt vippsnummer. I tillegg kom det inn kr 2250,- via Facebookaksjonen som helselaget blei oppmoda til sentralt (det beløpet blir registrert inn til Nasjonalforeningen avd Rogaland). Nå er sjølve aksjonsveka over, men de kan likevel støtte den viktige demensforskninga til Nasjonalforeningen for folkehelsen sentralt, VIPPS NR: 2216.
Meir info om demensaksjonen
DEMENSAKSJONEN 2020
Aksjonen heiter: «Bare forskning kan stoppe demens». Jøsneset helselag Vipps til 562037 - mrk. Demensaksjonen.
I år arrangerer Nasjonalforeningen for folkehelsen DEMENSAKSJONEN for 20.gang, men i år utan bøsser. På grunn av koronaepidemien kan me ikkje gå frå dør til dør og ha den tradisjonelle bøsseaksjonen. Men Jøsneset helselag har eige Vipps-nummer 562037. Innsamla beløp blir overført til Nasjonalforeningen for folkehelsen etter avslutta aksjon. Det er alltid spanande å sjå det beløpet me lokalt bidreg med! Demensaksjonen varer fra 21.-27.september
I dag finst det ingen kur. Me treng meir forskning.
Takk til alle som bidrar.
Nasjonalforeningen Jøsneset helselag
Hyttefrukost 10. oktober

Strandryddeaksjon 5. - 20. september
I løpet av perioden 5.-20. september inviterer Hold Norge Rent til nasjonal ryddedugnad. Dei som ønsker å vere med kan hente sekker og lodd hos Hanne C Tjeltveit, telefon 47668501. Fint om du også gir beskjed hvor du har tenkt å rydde.