Nytt frå Strandbuen
- Lossi, husflytting og stilfulle fotballspillere: Detter skjedde i 1990
- Gjentar suksessen med påskerebus på Jøssang – denne gangen kan du vinne premie
- Olav døydde brått – tilbake er ei dotter og bygd i sorg: – Han var ein original alle blei glade i
- Her er oversikten over årets påskekrim
- Mr. Ryfylke er 80 år
Flotte forhold i heia
Det er masse snø i Jøsnesheia, og kombinert med det flotte været, er det vel verdt å ta turen oppover mot Gunlanuten på ski. Ein må opp til Krogastemmen før ein kan ta skia på , men deretter er det flotte forhold. Opp mot Nuten går landskapet i eitt av snø; og jamnar ut dalar og søkk i terrenget. Snølaget er tjukt og hardt. Føret varierar mellom partier med fin melissnø, partier hard skare, men òg partier med mjuk påskesnø der sola har fått steikt utover dagen. Tips: ikkje gå for tidleg på dagen, då er det hardt!
Helse i kvar ein tone
Onsdag 11.Mars hadde me besøk av ekteparet Liv Stenersen og Øyvind Kjus, som saman er duoen Ønskekonserten -Par i hjerter. Dei song både nye og gamle songar, samt at me fekk vera med på ein medley av refrenger som dei hadde satt saman. Det vart ein skikkeleg intimkonsert for alle 16 som møtte opp på arrangementet. Med ein lystig og humoristisktone dei imellom, vart konserten ei flott oppleving for oss alle. I pausen serverte me kaker, kaffi og saft.
Nytt frå Ungdomslaget
Laurdag 21. februar hadde Jøsneset Ungdomslag årsmøte i Trivselstova, sjå ÅRSMØTEREFERAT
Laurdag 07. mars hadde ungdomslaget styremøte, og styret konstituerte seg som følgjande:
Leiar - Jon Eiane Brandal
Sekretær - Sven Gil Westersjø
Kasserar - Jonas Hjorteland Gbada
Styremedlem - Johan Fosså
Styremedlem - Joar Rosså
Varamedlem 1 - Ian Bouzane
Varamedlem 2 - Joachim Langvik
Ta kontakt på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. om du har tips/idear.
Nytt frå Bygdarådet
God debatt på Årmøtet i Bygdarådet 3.mars, og her finn du ÅRSMØTEREFERAT.
Årsmøtet gjekk gjennom og godkjende ÅRSMELDING 2014 og forslag til ÅRSPLAN 2015.
Årmøtet gjekk òg gjennom eit spørjeskriv frå kommunen om bruk/drift av skulebygningane, og her er svaret: KARTLEGGING AV GRENDAHUS.
Takk til Cesilie Wåland som gjekk ut av styret etter 2 år.
Velkommen til nytt styremedlem er Rasin Tjeltveit, og resten av styret består av Odd Fossa, leiar, Svanhild Hjorteland Gbada. sekretær, Sven Westersjø, kasserar og Unni Fossaa, Koordinator Trivselstove/Gymbygg.
Ta kontakt Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. om du har tips eller idear til Bygdarådet.
NAMNEKONKURRANSE
JØSNESET UNGDOMSLAG har bestemt seg for å skifte namn, og utlyser med dette NAMNEKONKURRANSE !! Kva skal laget heite i framtida ??? Kom med DINE FORSLAG !! ....orda ovanfor kun meint for å setje idè-myldringa i gong !! Her er alle gode, fratidsretta kreative forslag velkomne. Styret seier namnet Jøsneset Ungdomslag ikkje lengre er treffande nok, både med tanke på kven som er medlemmer og med tanke for kva laget står for i dag. Elles står det òg i formålsparagrafen til laget at laget skal arbeide for trivsel for alle aldersgrupper i bygda - og då må namnet gjenspegle aktivitetane.
Forslag til namn kan sendast inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Alle inviterast med dette til å kome med forslag og Leiar i JUL Jon Eiane Brandal oppmodar: vær kreative !!
SETT AV PÅSKEAFTA !
Tjolabing !!!...nå melder Ungdomslaget at dei er klar for både fest, dans og matservering PÅSKEAFTA !! Så folkens: hald av kvelden til dette ! Det meldes at Josè er booka inn som spelemann for påskeglade gjester ! Og det ryktes at revygjengen rotar fram kostymer og pusser på nye nummer......"det ryktes" iallefall. Me reknar med at det dukkar opp noko meir frå den fronten. Poenget er: Hold av hele helaftenen !