Nytt frå Strandbuen
- Kjøpte overvåkingskamera etter innbrudd – onsdag kveld kom det nye ubudne gjester
- – Håplaust at det ikkje går buss
- Det er ikke tilfeldig at den nye tatovøren og kona flyttet til Jørpeland
- Rune og Per er framleis gode kameratar etter storprosjektet – om kort tid håper dei gjestane er på plass
- UP kontrollerte 80-sone i tre timer – flere måtte betale
Me held fram
Gå gruppa er klare for ny tur kvar Tysdag kl 19:00.
Oppmøte er som alltid frå brannstasjonen, så ta på deg spasersko/tursko/joggesko og bli med på ein kjekk felles tur saman med oss.
Helsing styret i Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag
Isbaderekord
I Oslo blei det i dag, 07.02.15, sett Norgesrekord i isbading - heile 320 stk plaska uti den kalde Oslofjorden samtidig, sjå VGTV og OsloByNyheter. I Kogekjellå på Foss var det ikkje slike folkemengder; kun 4. Men sett i forhold til innbyggjartalet så var den prosentvise deltakinga laaangt høgare på Jøseneset enn i Oslo ...dermed kan me jo sei me slo rekorden...dessutan måtte det her kakkast veg ut i isflaka for å komme til kulpen. I Oslofjorden var det "berre" å jumpe rett uti. Felles for begge: begeistringa og godfølelsen etterpå !
Årsmøte Bygdarådet
Heile innkallinga med sakliste og valnemda sitt forslag finn du HER
Magiske vinterkveldar
Første februarveke 2015 kjem til å gå inn i historia som ei herleg vinterveke. Snøen som falt sist veke glitra som silkestøv i minus 5-7 grader i fullmåneskinnet. Fullmånen var dominerande på nattehimmelen; som ein lyskastar, i følgje med planeten Jupiter. For oss som bur på bygda utan masse kunstig lys, var veka som skapt for uteliv; anten ved sjøen, på bygdevegen, i hagen eller her på ski i lette spor innover skogsvegen mot Jiskelid.
Dugnad på Kleivane
På Kleivane veks det tett granskog; og den var så tett at siste sving mot Foss var nesten som ein tunnel. Men dette er nå i ferd med å forandre seg. Grunneigarane langs vegen har sagt JA til skoging, og fredag var dugnadsgjengen i sving: Richard, Kurt, Sven, Saulius og 4 søsken Hjorteland - Johan, Unni, Torild og Aud. Trivslegt !
Damekveld 29.01.15
Torsdag 29.01.15 er det tid for Damekveld igjen.
Denne kvelden er det ny tid. KL 19:00
Sjå plakat her.