Julabadet unnagjort
Godt ka så er gjort i julastriå, tenkte Kogekjelle-Nissane ....og jumpa uti. Kaaaaldt, men friskt og godt etterpå - med kos med kakao, julete og 4 julekakesortar !
Julekakebakekveld
Bulystgruppa inviterte til felles julekakebakekveld sist veke, og 4 damer møtte opp med kvar sin deig - og gjekk lykkelege heim med 4 sortar i julepynta kakebommer; det var Tyske skiver, Karamellsnittar, Kokuskaker og Kromkaker som blei produsert. Her er steikemester EllenMari i sving med å håndtere to av sortene
Tid for juleferie
Gå-gruppa tek seg ein velfortjent juleferie og startar opp att 6.januar med ny giv.
Me vil i den anledning ynskje å takke alle for oppmøte gjennom hausten. Mange kjekke turar i godt sosialt lag har me hatt saman.
Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag ynskjer alle ei fredfull julehøgtid og eit Godt Nytt År.
Gratulerar Mikal Laks
Astrid Fossaa Viga og Mikal Vika på MIKAS LAKS AS blir idag tildelt HJELMELANDSPRISEN. Me gratulerar !! Les meir på nettsida til Hjelmeland kommune.
Foto Hjelmeland kommune
Braksuksess
Tusen hjertelig takk til kvar og ein som tok turen til gymsalen i dag på Juleverkstad. Ein stad mellom 40-50, store og små, deltok på juleverkstaden på kvar sin måte. Knut hadde det travelt i lysstøypinga, då alle hadde lyst til å laga sine eigne lys til jul.
Køen var lang, men det gode humøret gjorde ventinga til ei flott sosial kosestund for alle. Nokre var til og med så heldige at dei fekk ungdommen til å støypa ferdig lysa, så ein fekk ta seg ein kaffikopp i godt lag. Om grunnen var at dei då fekk ein moglegheit til å dyppa både hand og fingrar nedi voksen, er uviss.
Nissen med Rudolf & gjengen har søkt ly, og fått eit velfortent pit stopp i
Blåfjellhytta.Men ingen fare, han er på veg.....med....-just before christmas
present...elle va det gift han meinte?? Godt Rudolf har kontroll på ruta iallfall....