Nytt frå Strandbuen
- Kommunen frykter at elever skal bli tvunget inn i den offentlige skolen – uttaler støtte til private skoler
- Maria Gabrielle bodde hjemme til hun var 101 år – men det er flere år siden
- Fant mengder med tyvegods – er noe av dette ditt?
- Fekk telefon frå svigerson om brannen: – Heldigvis budde det ikkje folk der
- Ønsker å gjøre endringer på noen av bussrutene fra Solbakk
Siste nytt
Julesnø !
Jippi - fine forhold for ski og akebrett!! Her er familien Westersjø på veg mot Fosstemmen med ski, kjelke og akebrett. Snøen auka på jo lengre opp ein kom, så det blei tyngre og tyngre å trakka spor. Men snøen er laus og lett og finfin til å renne nedatt i.
Fossåfruenes Julebad
Kva bedre kan me ønskje GOD JUL med enn Fossåfruenes Julebad !! Me lurer på om det var mangel på kulp som førte til denne løysinga, ....og avanserte de til Ombofjorden etterpå ?? Herlig ! Jøsneset er plassen for "galne geiter" som desse fruene . Det love godt for NYTTÅRSBADET i Skiftustranda
Julabadet unnagjort
Godt ka så er gjort i julastriå, tenkte Kogekjelle-Nissane ....og jumpa uti. Kaaaaldt, men friskt og godt etterpå - med kos med kakao, julete og 4 julekakesortar !
Julekakebakekveld
Bulystgruppa inviterte til felles julekakebakekveld sist veke, og 4 damer møtte opp med kvar sin deig - og gjekk lykkelege heim med 4 sortar i julepynta kakebommer; det var Tyske skiver, Karamellsnittar, Kokuskaker og Kromkaker som blei produsert. Her er steikemester EllenMari i sving med å håndtere to av sortene
Tid for juleferie
Gå-gruppa tek seg ein velfortjent juleferie og startar opp att 6.januar med ny giv.
Me vil i den anledning ynskje å takke alle for oppmøte gjennom hausten. Mange kjekke turar i godt sosialt lag har me hatt saman.
Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag ynskjer alle ei fredfull julehøgtid og eit Godt Nytt År.
Gratulerar Mikal Laks
Astrid Fossaa Viga og Mikal Vika på MIKAS LAKS AS blir idag tildelt HJELMELANDSPRISEN. Me gratulerar !! Les meir på nettsida til Hjelmeland kommune.
Foto Hjelmeland kommune