1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Hugs å bli med på JULEVERKSTADEN i gymsalen og sløydsalen.

helsing styret i JUL 

 

FaceBook

To av dei påmeldte har meldt avbud, så det er 2 ledige plasser til julekakebakekveld onsdagkveld 10 des på skulekjøkkenet. Ideen her var å bidra med ein kakedeig kvar, og kome heim med 5 ferdigbakte sorter. Kontakt Svanhild på 97 00 76 36 om du er interessert i å hoppe på og bli ferdig med julebaksten på 1-2-3!

FaceBook

Det ryktes at Nissen, med Rudolf i spissen, har sett nasen i retning Jøsneset. Han hadde det visst travelt og hadde ein sveeer presang med seg som måtte leveras den vetle bygda før jul. Ikkje veit underteikna kva som er i gjære, men det kan nok svare seg å følgje med....(Kjelde: to Jøsnesbuar som var austøve her forleden...la oss kalle dei...hm...Berit og Jostein.....ryktene stammar etter alle solemerke frå Hardangervidda,...eller var det Haukeli?)

 

FaceBook

Jøsneset skule er historikk - men tenk, me har samla alle utgåvene av skuleavisa frå 1982-2014 i to tjukke bind. Her er masse moro og ultralokalt lesestoff; alt frå kjente og kjære skuleelevar frå desse åra. Her kan du finne masse godt stoff til julequissen og humre deg gjennom 32 årgangar med smånytt. Joda: Den perfekte julegåva! Men kun få eksemplar att.  Pris: kr 500,- . Pengane går til bulyst-tilak på Jøsneset. Og berre vent å sjå: det blir garantert mykje smått og kjekt...og noko stort og spennande i 2015 !!  For kjøp av Jøsnesposten 1982-2014: ta kontakt med Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller sms 97 00 76 36

Les meir om produksjonen av "de samlede verk" her og her.

FaceBook


 Prosjektet "Lysnissen" går enkelt og greitt ut på å tenne ei lykt ved utgangsdøra/ved vegen kvar dag kl 18 i heile desember. Det er prosjektgruppa "Begeistringsetaten" i Ski som har dratt ideen igong, og dette er nå blitt landsomfattande og "sprer seg" på sosiale media .  Bli med - det er enkelt, uforpliktande og magisk koseleg i desembermørket Smile  Her er SKIFTUN 36-lykta tent !!

FaceBook


Herlig julesong frå flinke born på utescenen på skuleplassen på Jøsneset.  Det er etterkvart blitt tradisjon å tenne juletreet ved branngarasjen i eit felles arrangement. Nytt av året var at barna hadde øvd inn 3-4 flotte julesongar; som dei framførte ute på scenen i mørket og kulden - stemningsfullt og fint blei det ! TAKK til flinke songfuglar.  Elles var det fakkeltog frå Skiftukaien, og godt å kome inn varm Trivselstove til hamburgerar, gløgg og kaffe - før det bar ut i mørket igjen til nisse og dans rundt juletreet. Bygdarådet takker alle som møtte opp !

 

 

FaceBook
Facebook