Jøsneset stiller på Tilflyttardag
Søndag 28.09 stiller Jøsneset Bygdaråd i Spinneriet på Tilflyttartreff. Arrangementet er opent for alle, men med fokus på årets tilflytterar. Bygdarådet har "stand" og vil presentere Jøsneset med ord, foto og smakebitar. Me blestar òg om "Jøsneset - 200 i 2020". Kom og møt oss der, og her finn du PLAKATEN
Tid for Buhagen-produkt
Tida er definitivt moden for Buhagen- produkt: herleg kalv- og villsaukjøt, frukt og frisk eplesaft : PRISLISTE haust 2014
Modne neder
Det er ikkje berre frukta som modnast i dei solvendte liane på Jøsneset - det gjer òg NEDENE - dialektord for hasselnøtter. På Jøsneset veks det masse hassel (eller hatlar som eldre jøsnesbuar nok ville sagt), og akkurat nå, på dei solrike vakre septemberdagane, modnast dei veldig fort! Ta turen ut - er du heldig så finn du masse som har falt ned på bakken - klar til plukking, skund deg før ekornet tar de
Travel frukthaust
Sommaren var varm og hausten er eineståande flott. Frukta modnar, alt kjem på ein gong....og fruktbøndene på Jøsneset og elles i kommunen jobbar på spreng for å få all den saftige, søte frukta trygt ned av trærne .......før den dett ned sjølv.
FIBERRIK AFTEN
LYSE OG JØSNESET BYGDARÅD INVITERER TIL VIKTIG INFO-MØTE OM FIBERNETTUTBYGGINGA. FRED 26. SEPTEMBER, GYMSALEN, KL 18.00.
Dette er eit viktig møte både for dei som alt har signert kontraktar (som må signere på nytt) og dei nye som har meldt seg, eller vil melde seg, interessert! Møt opp !! Det er òg vel verdt å feire at me nå får fibernettubygging til bygda, så me kombinerar difor "business and pleasure" denne kvelden, så det blir servering av fiberrike godbitar og god kaffe . Les INFOSKRIV FRÅ LYSE
Jøsnesmeisterskapet 2014
Lørdag 20.september kl 16:00
arrangerer Ungdomslaget Jøsnesmeisterskapet i ?