Nytt frå Strandbuen
- Teddy Scott, deltakerrekord og marsipankake: Dette skjedde i 1985
- Kjøpte overvåkingskamera etter innbrudd – onsdag kveld kom det nye ubudne gjester
- – Håplaust at det ikkje går buss
- Det er ikke tilfeldig at den nye tatovøren og kona flyttet til Jørpeland
- Rune og Per er framleis gode kameratar etter storprosjektet – om kort tid håper dei gjestane er på plass
Tid for årsmøte - 9.mars
Styret i bedehuset kallar inn til årsmøte torsdag 9. mars kl 18.30 på Grendahuset.
Du kan lese innkallinga her.
Årsmøte til Jøsneset Bygdaråd vil vere same kvelden, like etter at årsmøtet til Bedehuset er ferdig. Det vil komme innkalling og meir detaljer fra Bygdarådet innan kort tid.
Alle er vel møtt!
Styret for Bedehuset
2x Jøsnes-drikkar på menyen - Det Norske Måltid
Det Norske Måltid leitar årleg etter det ypperste innan norsk mat og drikke. Kåringa av årets beste produkt skjedde på stor feststemt finalefest i Stavanger 2.februar. Av 250 påmeldte produkt var det 39 finaleprodukt frå heile Norge i 13 ullike klassar. Heile 2 produkt frå Jøsneset/Hjelmeland gjekk til finalen: Buhagen sin musserande eplemost i klassen Årets Drikk og Eiane Gard sin sider Brist i klassen Årets sider.
"No stoppa det med finaleplass denne gongen, men finaleplass i seg sjølv er ein siger i denne samanheng! T A K K !!" uttaler ordførar i Hjelmeland, Anita Husøy Riskedal på si Facebookside. Bildet er tatt frå bordet i salen av finalist Jostein Hjorteland/Buhagen, då leiar i Det Norske Måltid Kristin Austigard opna finalekvelden.
Julehelsing fra Bygdarådet
God jul til små og store
Jøsneset Bygdaråd vil gjerne få ønske alle ei god og fredfull jul.
2022 har vore frivillighetens år, og me vil difor spesielt takke alle som har bidratt med smått og stort dette året. Enten det gjeld frivillige lag, ulike arrangement, dugnadar eller anna som er med på å gjere Jøsneset til ei fin og god bygd å bu, og vere, i. Tusen takk!
Gode helsingar fra alle i Bygdarådet
Nyttårsfest på Grendahuset
Etter to års corona-pause inviterer me igjen til nyttårsfest på Jøsneset Grendahus. Festen er open for alle, og me satser også denne gangen på at gjestene har med seg eit bidrag til ein flott nyttårsbuffet. I tillegg til god mat blir det leiker, litt underhaldning og godt selskap.
7 sortar i boks.....og vel så det
Det gjekk unna på julekakebake-kjøkkenet på Grendahuset mandag kveld. Det blei goro og fettbrød, berlinerkrans og tyske skiver, snøballar og vepselbol, crakle cookies og peppermyntegodt....Ja, det blei steikt og trilla, kjevla og pynta, steikt og stabla...og, joda, det blei litt sukk og stønn over deigar som oppførte seg ustyrleg og steikeresultat som ikkje blei heiiiilt slik i "reklamen" - Men alt var gløymd då kakefata stod på bordet, og det blei knasking og smatting og testing av sort etter sort etter sort. Julebaksten på Jøsneset er unnagjort !!