Nytt frå Strandbuen
- Utlover finnerlønn på 200.000 kroner: – Vi fant ut at vi måtte tenke nytt
- Det startet i det små, men nå har hobbyen til Marie tatt over hagen
- Utrykning fra flere nødetater – politiet bistod helse
- Lokale perler blant folkets favoritter: – Mange sitter klare for å bestille
- Fotball på dagen, disko på kvelden – Hedda (15) opplever et unikt samhold i laget
Sommarkafè hos Mikals laks
Torsdagar og fredagar i juli er sommarkafèen hos Mikals Laks open frå 11:00 til 17:00. Her får du smårettar med laks, vaflar, makronar, is, brus eplemost og kaffi.
Koseleg, tradisjonell jonsokfeiring
Tradisjonell jonsokfeiring med grilling (før grillen egentleg er klar), campingstolar på rekke og rad i Skiftustranda, bålbrenning, is-spising, tautrekking og sjølvsagt jakta på det største fisk og krabbe
Gåvedryss til Bygdarådet
Ellen Mari Fosså frå Hjelmeland Sparebank dukka uventa opp på Jøsneset Bygdaråd sitt styremøte i kveld. Ho hadde med seg ein "sjekk" på kr 15 000 frå Hjelmeland Sparbank sitt gåvefond. Pengane er svar på søknad frå Bygdarådet om diverese oppgraderingstiltak på frilufts-møteplassen vår ved Fosstemmen Ho kunne fortelje at det var kome inn ca 100 søknader, så leiar i Jøsneset Bygdaråd Oddvar Skiftun var takksam for at nettopp vårt prosjekt blir støtta
Kjekk seniortur til Jørpeland
Onsdag 29. mai var denne fornøyde seniorgjengen på tur til Jørpeland. Bussjåfør Sven henta rundt i bygda før ein tok 10 ferja frå Nesvik. Først ein liten stopp ved omsorgsenteret i Årdal for å sjå nytt flott drivhus som Helselaget har bidratt til midler frå Damstiftelsen til innredning. Så vidare til Jørpeland, og tur rundt den vakre Jørpelandsholmen. Lunsj i Villa Rosehagen. Flott turvær, godt lag og kjekk dag i regi Nasjonalforeningen for folkehelsen - Jøsneset Helselag
Sikre deg billige Smashing-billetter
Dersom du vil sikre deg billetter til årets Smashing Jøsneset til kun 400,- må du slå til i løpet av mai! Du kan kjøpa billetter her.
RETURN har laga ei lita videohelsning til publikum!
Rekordmange Hardhausar !
Hardhausen 2024 går inn i historia som ein jubeltur i eit strålande solskinn ! 99 deltakarar på arrangementet og heile 90 stk gjekk alle 4 nutane, og kan kalle seg HARDHAUSAR. Det var ingen som gjekk 3-nutstur i år, men altså desto fleire som tok den store utfordringa med ALLE nutane. 9 stk deltok på kortare distansar.
Bildet over er då Eirik 6 år og Nora 9 år Laugaland kom i mål: Eirik var dermed den desidert yngste Hardhausen ! Dette prøvde han for første gong i år, og det blei full klaff!! Ikkje mange på hans alder som har tatt denne styrkeprøven ila dei 16 åra Hardhausen nå har vore arrangert ! Godt då å ha følge med spreke storesøster Nora, som òg gjekk heile Hardhausen for første gong - Dei gjekk saman med mor Anne og far Terje på turen !
Det var òg rekordmange 1.års-deltakarar på arrangementet - Heile 35 stk - derav 32 av desse gjekk heile Hardhausen; dvs NordaHøgaste, Gunlanuten, Røssenibben og Valafjellet. Veldig bra frammøte. Veldig bra vær. Veldig bra stemning. Veldig bra frå ende til aen. Og best av alt: Røde Kors kunne reise heim etter ein lang dag på vakt utan ein einaste skade eller uhell. Fantastisk ! Her er heile DELTAKARLISTA HARDHAUSEN 2024