1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower



Slik ser tre ekte "Hardhausar" ut : Runar 10 år ( t.v.) var årets yngste "Hardhaus", og han og Vebjørn (t.h) 11 vart i år "Hardhausar" for første gong, medan Jakob 13 år har littegrann erfaring i sporten. Her glade på 4.og siste nut: Valafjellet.

Det må vere noko magisk over "Hardhausen og 3-nutsturen", for været har ein tendens til å vise seg virkeleg frå godsida akkurat denne dagen: slik gjekk det òg i år: sol og deilig sommarvarme ! 68 lettkledde, smilande, spreke, trivslege deltakarar i aldersgruppa 6 - 78 år deltok i år. I år var det så mange som 37 av deltakarane som blei "Hardhausar" (dvs gjekk alle 4 toppane). Så mange som 27 av vandrarane deltok for første gongSmile, og 15 av deltakarane har deltatt alle gongene dette har vore arrangert: dvs 5 gonger!

Vinnar 3-nuts-tur: Monica Østerhus, Jøsenfjorden, tida 4 t 51 min (idealtid 4,53)
Vinnar Hardhaus: Espen Meling: nærast idealtida på 5 t 50 min.
(det har ikkje lykkast redaksjonen å få ta i foto av vinnarane; send gjerne inn!)

 

 



På veg inn mot posten på Norda Høgaste -



Anne og Lene frå Skiftudalen, på NordaHøgaste, med utsikt mot Jelsa, har deltatt hhv 4 og 5 gonger. Anne har òg vore med i komiteen eit år, og var med å "gjekk opp" den aller første idealtida.



Nesten oppe på høgaste toppen; Gunlanuten 829 moh. Her låg det framleis is i dei små tjerna.


På Gunlanuten møter me Oliver Hausberg, 78 år. Årets (og sikkert tidenes) eldste "Hardhaus". Han gjekk altså alle 4 toppane. Her ein liten rast på topp nr to, Gunlanuten, før han traska vidare til Røssenibben og Valafjellet. Hausberg er leiar i Idrettsrådet i Hjelmeland, og ein svært ivrig mosjonist; deltok òg i Birkebeinerløpet i årWink




På Gunlanuten traff me òg årets yngste deltakar; 6 år gamle Ronja frå Åsland. Ho gjekk saman med far; først på Gunlanuten, deretter Røssenibben og Valafjellet.  Flott !!


Oppunder himlaleitet på Gunlanuten møter me òg 5.gongs-deltakarane Jostein og Berit....litt usikre på om hunden har deltatt alle gongane, men var iallefall med idag. Litt varmt med svart pels denne dagenWink




Deilig med svalande snøfenner i sommarsteiken....her på veg ned frå Gunlanuten til Røssenibben.




For å ikkje å snakke om dei svalande fjellbekkane. Denne gjengen tok garantert rekoden i bading ! Dei bada med sko på i alle pyttar, bekkar, kulpar, tjern og vatn dei kom over, og det er ikkje få på denne lange ruta !! Avkjølinga gjorde godt, sjølv om de stod i fare for gnagsår. Men det gjekk godt, og badet var verdt det kvar gong ! HEr i bekken i Røssenibb-skaret.

 



Flott utsikt frå Røssenibben; mot Randøy, Hjelmeland og Ombo.

 



Flott utsikt òg andre vegen frå Røssenibben: Her innover Jøsenfjorden.




Her passerer me sørsida av Gunlaknagg-tjødnå.....sjølvsagt må det badast her òg: her er det ein som dukkar heilt under Wink

 

Sekretariatet v/ Svanhild, Lene og Anne i Helselaget ved Fosstemmen heldt oversikt over deltakarane, og ventar her på at dei aller siste skal kome i mål. Ved Gunlavatnet hadde Jon og Frode i Ungdomslaget saft/nøtte-stasjon.




Desse to flotte, spreke jentene var årets yngste deltakarar på 3 nutsturen - begge 6 år : Ronja frå Åsland og Norunn frå Foss. Fantastisk å klare 3.nutsturen før de byrjar på skulen !! Me trur dei var på same laget: Det smilande ROSA-laget ! Me lar dei avslutte årets flotte arrangement, og vågar å vedde mykje på at me ser begge desse to som "Hardhausar" også snart , så spreke og lettbeinte dei er !!!

Det ser ut som Jøsneset er blitt eit lite "klekkeri" av Hardhausar iallefall !!! Veldig bra !

ALLE FOTO: Svanhild Hjorteland Gbada:
Send gjerne inn fleire foto til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., og desse vil bli publisert !

Litt fakta:

3 nutstur: Gunlanuten 829 moh, Røssenibben 719 moh, Valafjellet 713 moh
Hardhausen: alle dei tre nutane + Norda Høgaste på Herefjellet 690 moh.
Avstand: Hardhausen snaue 2 mil, i ulendt, kupert terreng.
Startområdet: Fosstemmen 2,7 km frå Foss, 380 moh. (Så det er ei bragd berre å gå til start :-)

Det er IKKJE om å gjere å gå fortast, men å treffe den hemmelege idealtida, som varierar frå år til år.

2013:
Totalt 68 startere til Hardhausen/ 3- nutstur.
I tillegg var det 8 stk som "berre " gjekk til Gunlanuten, utanom arrangementet.
Det var òg ein "hard kjerne" som held stand i sekretariatsområdet ved Fosstemmen; med varm grill og kaffe.

37 gjekk Hardhausen: Espen Meling var nærast idealtid. Premie: trimutstyr:
Oliver Hausberg 78 år eldste, Runar Fossaa 10år yngste deltakar

29 gjekk 3- nutstur : Monica Østerhus var nærast idealtida.  Premie: Trimutstyr:
Ronja Foss og Norunn Westersjø begge 6 år, yngste deltakarar

27 gjekk for 1 gong . Vedig bra !! Desse fekk utdelt krus.

8 gjekk for 2 gong. Diplom

10 gjekk for 3 gong. Diplom

6 gjekk for 4 gong. Diplom

15 gjekk for 5 gong : Deltkakarpremien var ikkje klar, blir utdelt etter arrangementet.

 

Idealtid 2013.  Ingen traff akkurat, men dei som var nærmast var; 

Hardhaus 5:50.    Nærmast var  Espen Meling 

3- nutstur 4:53.  Nærmast var   Monica Østerhuas

FaceBook
Facebook