1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Det blir hevda og meint mykje om små skular for tida; sist nå i folkemøtet med politisk panel som blei avhalde på Jøsneset 29. mai. Ein ting er sikkert:  små skular kan også skape modige, samfunnsengasjerte og sosialt oppvakte elevarWink. Dette beviste både Elise (10) og hennar medelevar Kristiane og Amber på møtet i kveld: For uoppfordra og med lettare overraska foreldre til stades, så reiste dei seg opp, ba om ordet og talte i mikrofon til forsamlinga på ca 50 tilhøyrarar frå Jøsneset og Jøsenfjorden og til 5 kommunepolitkarar om kva dei meiner om planane for nedlegging av Jøsneset skule. Dei fekk fram sine poeng; dei trives på denne vesle skulen,  og tykkjer dei har ein god skule, er glade i dei nye leikeapparata og syns det er trist viss skulen blir lagt ned. Viktig at barn sine stemmer kjem fram òg i slike store debattar !


Elles var det nok mest dei vaksne som førte ordet; og nesten alle av dei som ytra seg, ønskjer at skulen på Jøsneset skal oppretthaldast. Det var ein god del spørsmål til politikarane; om beslutningsgrunnlaget; om økonomitala i rapporten, om den totale innsparingsgevinst inkludert ALLE forhold ved ei nedlegging, om skyss, om praktiske ordningar knytt til skyss, om ev overflytting av Jøsenfjordelevar til Erfjord, om investeringsbehov på Hjelmeland med meir. Ein god del kunne dei svare på, men slett ikkje alt.


Politikarane i panelet som møtte var Bjørn Laugaland SP, Ola Ingvaldstad FRP, Håkon Helgøy og Anne Berit Rinde KRF og Leif Magne Kleppa H.  Sistnemnde kunne fortelje at han har snudd litt undervegs i prosessen, og stemmer akkurat nå for å behalde Jøsneset: mellom anna for han meiner at oppvekstsektoren allereie har tatt ein så stor del av innsparinga - Men: han lova ingen freding for all tid, og han påpeikte at Høgregruppa ikkje er samla i det synet. 

Bjørn Laugland SP stemte for nedlegging av Jøsneset  i styringsgruppemøtet i går; ikkje først og fremst pga sparingseffeketen (som ifl han er 2 mill pr år, men som medfører investering på Hjelmeland på 19 mill), men mest pga storleiken på skulen. Òg han ytra at han var usikker, og at dette ikkje var enkelt. 

Ola Ingvaldstad i FRP stemde for 2 skular i Hjelmeland (altså nedlegging av både Fister og Jøsneset).

Håkon Helgøy har blitt stadig påminna at han lova "fred" for skulen her på nordsida i fjor då dei la ned Jøsenfjorden skule, og at han foreløpig stemmer for det nå. Anne Berit Rinde var vel litt meir usikker.

(Når det gjeld parti som ikkje var til stades i kveld: SV og AP sine representantar i kommunestyret stemmer for kun 2 skular, altså ned med Jøsneset. Venstre sin representant stemmer for å oppretthalde strukturen som den er i dag; dvs behalde både Fister og Jøsneset. Om dette endrar seg til kommunstyrebehandlinga vites ikkje).

Skulen si framtid er med andre ord på ingen måte avgjort.  Det spriker i fleire politiske parti, og enkelte av politikarane er framleis i tvil, og nokre har ikkje enda ytra kva dei meiner.

Møteagendaen framover er slik:




Rapporten til Oppvekstsektoren (og rapportane til dei andre sektorane) finn du på Hjelmeland kommune si nettside.

Uansett kva som skjer med skulen vår nå: Rektor og dei tilsette lærararane fekk mykje ros frå fornøyde foreldre; som meiner dei gjer ein god og stødig jobb og at me har god læringskvalitet i skulen trass i storleiken.

Møtet slutta litt rart: først drog Leif Magne Kleppa som skulle vidare på møte i Jøsenfjorden: Deretter reiste resten av politikarane for å rekke halv 8 ferja. Igjen i panelet sat kun Bjørn Laugaland; så debatten dabba noko av etter det.
Men ære være Laugaland som holdt ut lengst Wink


Joda, dei yngste av våre Jøsnesbuar ytra seg; og det gjorde òg vår eldste: Arthur Westersjø, 93. Han heldt fleire engasjerte innlegg.

Men hans aller siste innlegg var kort og konsist og av ein festleg karakter; "La oss avslutte med ein song!!! " 
Så det gjorde me: " No livnar det i lundar" .....nett som de gjorde på skulen før i tida Wink

 

Referat frå møtet kan du lesa her .

PS: Strandbuen var òg til stades; så me får kanskje eit lite referat frå møtet der òg. Følg med !

FaceBook
Facebook