1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

17.MAI PÅ JØSNESET. 

I år er det ei spesiell 17.Mai då det er siste året til skulen på Jøsneset, samt at grunnlova har 200 år markering. Me kan difor stolt reklamere for eit innhaldsrikt og variert program for dagen.  Talerane for dagen er Ida, Tanja og Sebastian som er 7 klassingar på Jøsneset skule, kulturskule elevar vil ha nokre innslag, samt alle dei tradisjonelle leikene som me arrangere. Potetløp, sykkelløp, luftgeværskyting, 60m ( for barn og vaksne, hugs sko), dart, klossebygging, spikring, stylter, natursti, quiz, tippekonkurransar, fotballkamp m.m.

17. mai komiteèn ynskjer alle, både fastbuande og hyttefolk til ei tradisjonell og kjekk 17 mai feiring saman.

 

PROGRAM FOR DAGEN

Kl 11:00. Toget startar frå brannstasjonen -t/r Austad.

ca kl 11:30. Tale for dagen V/7.klassingane ved Jøsneset skule. 

Ca kl 12:00. Matøkt. Sal av lapskaus, pølser, is og brus. m.m.

ca kl 12:30. Fellesaktiviteter og konkurranser.

ca kl 15:00. Premieutdeling

VELKOMMEN

PS. Ikkje gløym

16.mai kl 18:00 Skarpskyting. Skytebanen i utmarka bak bedehuset.

 

 

FaceBook
Facebook