1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Nå har kanoane i Fosstemmen fått namn: "Kalven" og "Kvigå" - inspirert av gapahuken som heiter "Kalvagaren". Det har vore namnekonkurranse på desse to kanoane - og vinnaren som foreslo desse koselege namna var CESILIE WÅLAND

 

Det var 25 personar som møtte opp på denne markeringa ved Fosstemmen søndag 31.august! Alle  fekk plass inne i "Kalvagaren". Alle fekk gratis hamburgarar, brus, kaffi og kake.  Det var vind i starten, og litt vanskelige kanoforhold ei stund, men vinden løya etter kvart, sola skein og kanoane "Kvigå" og "Kalven" fekk seg fleire turar.

Kanoane ligg til fri benyttelse for alle som vil: vær snille å legg dei tilbake der dei låg etter bruk. Det er òg viktig at dei ligg opp ned så dei ikkje blir fyllt med regnvatn og at årane ligg under kanoane!  

Kanoane blei kjøpt inn som del av Bulystprosjektet 24/7 "Møteplassar i naturen" 

 

 

 

FaceBook
Facebook