1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Jøsneset Bygdaråd ønskjer velkommen til ein liten utandørskonsert på 16.mai. I forkant av jazz-kafèen kan de få "tjuvstarte" på 17.mai-naturstien, anten ved å gå Nullen eller bli med opp til det spektakulære utsiktspunktet Hyestaden på Skiftufjellet bak utescenen. (PS: spørsmålsarka til naturstien blir òg liggjande ute heile 17.mai, så du kan òg velje å gå den då).   Jazztrioen Vaspeland3 er nå på ein liten Rogalands-turnè i den form det går an å ha ekte turnè nå til dags - støtta av Fylkeskommunen. Me er glade for å ha utøvande musikarar ute på vegen igjen - og ikkje berre på skjerm  - vipps derfor gjerne litt meir enn minstebeløpet ved inngang.  Det blir rigga til kafèbord/benker ute på plassen, med kafèutsal.  Koronareglar gjeld sjølvsagt ift avstand, antall, registrering - og husk spriten ! Vaspeland3 lovar å servere "Tea for two" - og det skal me få til frå kafeen òg -  pluss kaffe og anna godt !  Her kjem Vaspeland3 sin versjon av "Tea for Two"   - Velkommen !!  

 

FaceBook
Facebook