1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Hurra og gratulerar  !! Tania Yu Auglend frå Tonå på Jøsneset vant i dag sølv i WorldCup i TaekWonDo !!  Tania går nå på kampsportlinje på Surndal folkehøgskule, og representerer Surnadal kampsportklubb. Ho kom til finalen mot ei dame frå Japan - så her er det internasjonal sus !

Du kan lese meir om Tania og sølvet her på Trollheimsport 

World cup blei i år avholdt på utradisjonelt vis via nett ! Alle deltakarane rundt om i verda sendte inn "rundane" sine på nett, og utvalde dommarar  dømde de.  Så her var det ingen jubel og heiarop frå tribunane !
Dette var Tania sin først konkurranse som senior, og det å hevde seg internasjonalt i vaksenklassen var ekstra gøy.  Ho fortel at det føles veldig godt, sjølv om ho sikta mot gull  !  Ho rosar sin fantastiske trenar, som har pirka og pirka - og det føles veldig gøy når all treninga i hallen gir så gode resultater.


Tania i eit split kick på trening - Fotograf: Raimon Bjørndalen


Ja, og me her på Jøsneset veit jo at ho har lagt sitt solide grunnlag her heime i gymsalen på Jøsnesetsmile....det er bra me har eit fleksibelt og opent treningsbygg, når treninga der gir så fantastiske resultat.


Me heie på Tania - og ønskjer til lykke med sølvet, og lykke til vidare i satsinga - me ser na nok snart heiiiilt øverst på WorldCup-pallen !!

 

 

 

 

 

FaceBook
Facebook