1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Av 72 deltakarar på Hardhausen og 3-nutstur, var det nærare 30 stk som sendte inn foto til fotokonkurransen "Værstemning" - og ein god del sendte fleire bilder.  Me takkar for mange veldig gode bidrag !! Denne gongen fekk juryen ein vanskelg jobb, for det var mange gode motiv.  I vinnarbildet lot juryen naturen, lyset og værstemningen tale for seg sjølv , utan "innblanding" av mennesker og/eller dyr.  Vinnar av fotokonkurransen blei Siren Johanne Lorvik sitt bilde av det vesle tjernet på veg oppover Gunlaknaggen, mot Gunlabu, og  snart Gunlanut.   Bildet er representativt for pinsehelga:  Det var ein del gråvær og skyer, men innimellom dukka sola opp. Siren klarte her å fange det vesle øyeblikket, då sola kikka litt gjennom !!   Siren får ei hengekøye i premie !  Gratulerar !

På ein god andre-plass kjem dette stemningsfulle bildet tatt av Randi Westersjø-Christiansen  på Gunlanuten.   Også dette bildet er representativt for værstemningen i pinsehelga; skyene som kom og som låg lågt over nutane.
Dette bildet har òg ei fin ro, både i motiv, person og fargar, som juryen falt for ! Og me er glade for at folk tar seg tid å sitje ned å oppleve øyeblikket.  Premien er eit stort badehandkle sponsa av Hjelmeland Sparebank. 

Alle dei andre bildene frå Hardhausen 2021  ser de på Facebook-eventen Hardhausen 2021

Me takkar for alle flotte bidrag, og for all positiv respons og muntre meldingar til sekretariatet  både under og etter vandringa ! Kjekt at så mange fant vegen til Jøsnesheia denne pinsehelga.

Meir info om Hardhausen kjem i eigen artikkel.

Jury og arrangør:

FaceBook
Facebook