1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Bygdarådet har fått tildelt 25.000 kr til oppgradering av leikeplassen og uteområdet ved Grendahuset (skuleområdet). Difor ønsker me å ha ein felles dugnad for å gjere ein del utbetringar. Det hadde vore kjekt om både fastbuande og fritidsbuande ville vere med å bidra – då kan det bli både sosialt og effektivt!

Dugnaden blir fordelt på to datoar. Desse datoane er:

  • Laurdag 28. august kl 11.00
  • Tirsdag 31. august kl 18.00

 

Fint om du kan sende ein sms til Hanne (47668501) med kva tidspunkt du har anledning til å stille (gjerne begge!). Du har uansett sjølvsagt lov å komme sjølv om du ikkje melder fra. Etter dugnadsrunden er ferdig laurdag 28. august vil me ha litt ekstra god mat!

Me har 10 benker som skal beisast, og så blir det luking, klipping og opprydding av uteområdet. Ta med hagesaks, hanskar og anna utstyr du tenker kan vere nyttig. Du treng ikkje å ha erfaring med denne type arbeid – her er det ulike typar jobbar, og alle kan hjelpe til med noko.
Me vil og kjøpe inn ei ny vippe når leikeplassen er klargjort.

 

Me stiller med malarkostar, beis og god mat.

Alle er velkomne!

 

Helsing oss i Bygdarådet

FaceBook
Facebook