1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Den felles torsdagstrimmen har hatt pause sidan mars 2020, men nå er me klar for trim igjen !  KVAR TORSDAG kl 19.30 GYMSALEN - start torsdag 4. november: Det blir felles trening kondisjon, styrke og gode strekkøvingar.  Silje Sværen er tilbake som instruktør som før. 

PS: bildet er tatt frå opninga av trimrommet 15.februar 2020.....like før nedstenging. Det var sjeldan det var så mange på sjølve torsdagstrimmen,  men me ønskjer nye og "gamle" trimmerar velkomne i gymsalen. Og husk: du treng ikkje trene deg i god form for å komme på trening.  Treninga passe for alle uansett form. 

Har du lyst å trene utan å komme på fellestreninga ?
Då kan treningsrommet vere noko for deg. Du betaler medlemskap kr 300 pr år, så får du koden til dørlåsen, og kan trene når du vil. Treningsrommet har mange apparat; tredemølle, sykkel, ellipsemaskin, romasking, benkpresse, vektmanualer, matter og diverse småutstyr  + du har heile gymsalen å boltre deg i.

  • Alle kan teikna medlemsskap frå det året dei fyller 14 år
  • Medlemsavgifta er kr 300,-/år (som skal betalast til VIPPS til Jøsneset Bygdaråd nr 135092 eller konto nr 33531373109)
  • Når medlemsavgifta er betalt tar du kontakt med Silje på telefon/SMS 950 62 607 - så får du koden til ytterdøra.

  • Medlemmer kan ha med seg andre på trening, men dørkoden kan ikkje gis/lånast ut til andre
  • Følg oppslag om bruk av dei ulike apparata. Ved skader på utstyr eller lokaler som skuldast uvettig bruk kan det koma krav om erstatning
  • Gje straks beskjed til kontaktperson Svanhild tlf 97007636 eller Silje tlf 95062607 om utstyr som blir skada eller ikkje fungerer
  • Ta omsyn til andre
  • Bruk innesko 
  • Etter bruk skal utstyr vaskast/tørkast av med desinfeksjonsmiddel. Bruk antibac, og hugs god håndvask
  • Rydd etter deg og skru av apparat, høgttalar og lys. Sjekk at alle vinduer er stengde og dører låste
FaceBook
Facebook